Samarbeid

Kystverket RGB litenKystverket

NFHFs viktigaste offentlege samarbeidspartnar er Kystverket, som eig dei fleste av fyra. Kystverket har ansvar for vedlikehald og drift av desse fyra. Rundt 70 av dei 114 fyrstasjonane blir leigde ut til venneforeiningar eller leigetakarar. Dei fleste av desse er medlemmer i NFHF.

 

Kystverkmusea

Kystverkmuseakystverkmusea logo er Kystverkets eige etatsmuseum. Det blei formelt oppretta i 2008, og er organisert som eit nettverkssamarbeid mellom fire sjølvstendige museum: Lindesnes Fyrmuseum, Jærmuseet, Sunnmøre Museum og Museum Nord.

I samarbeid med Kystverket og Kystverkmusea arrangerer NFHF eit nasjonalt fyrhistorisk seminar annakvart år. Neste gong blir i 2015. Seminaret samlar norske fyrforvaltarar og fyrvenner, og også representantar for fyrorganisasjonar i andre land.

 

KystledKystled

NFHF deltek òg i det nasjonale samarbeidet med Forbundet KYSTEN, Den Norske Turistforening, Oslofjorden Friluftsråd og Friluftsrådenes Landsforbund om Kystled-tilbodet. Mange av fyrforeiningane som er knytte til NFHF tilbyr fyrovernatting og anna tilrettelegging som ein del av konseptet Kystleden, der det blir fokusert på enkelt, miljøvennleg friluftsliv langs kysten og på ålmentas tilgjenge til fyra.

 

LOGO kulturvernforbundet Kulturvernforbundet

NFHF er medlem av Kulturvernforbundet, som er ein paraplyorganisasjon som jobbar for å betre vilkåra for det frivillige kulturvernet. Kulturvernforbundet har 22 medlemsorganisasjoner, som alle jobbar med å ta vare på vår materielle og immaterielle kulturarv. NFHF leiger kontorlokale gjennom Kulturvernforbundet i Kulturvernets hus i Oslo.

Andre

Foreininga har vidare eit nært samarbeid med Riksantikvaren og samarbeider i tillegg med søsterorganisasjonar i nordiske land. Informasjonsutveksling med World Lighthouse Soceity er etablert. NFHF er medlem av Frivillighet Norge.

 

 

Fyrhistorisk årstallsliste

1656
Norges første fyr tennes på Lindesnes (Privat fyr, 30 talglys i tretårn, etter bevilgning til Povel Hansøn, Kristiansand. Slukket 1656)
1687
Kong Christian V innfører dødsstraff for oppsetting av falske bluss og merker på kysten
1697
Færder fyr tennes
1725
Markøy fyr tennes, Lindesnes fyr tennes på nytt (åpne fyrgryter på fjell)
1700
Kvitsøy fyr (vippefyr med gryte) og Høgevarde fyr (tre talglys) tennes
1705
Statlig forordning gjør det straffbart for privatpersoner som bor nær fyr å ha lys tent om natta i huset sitt
1767
Runde fyr tennes (fyrgryte med kol og torv)
1772
Valderhaug fyr tennes
1783
Rundbrennerlampen (med rørformet veke) introduseres
1798
Munkholmen fyr tennes
1799
Første fyrtårn reises (Lindesnes)
1802
Første fyr med lukket kolbluss tennes (Store Færder)
1814
Den norske stat tar over eierskapet til de 10 eksisterende fyrstasjonene
1821
Fyr- og Merkevesenet fusjoneres med Kanal- og Havneembetet
1828
Fyrkommisjonen opprettes
1832
Det første linseapparatet tas i bruk på Oksøy fyr
1839
Første offentlige fyr nord for Trondheimsfjorden tennes (Villa, Nord-Trøndelag)
1841
Fyrdirektoratet og fyrdirektørembetet opprettes, med ansvar for fyr- og merkevesen
1841
Første tåkesignal opprettes (tåkeklokke på Fulehuk)
1849
Åtte fiskefyr opprettes
1854
Første støpejernsfyr bygges (Eigerøya)
1856
Første fyrskip plasseres på Lepsøyrevet nord for Ålesund (sluppen Enigheden)
1859
Siste kolblussfyr slukkes, erstattes med olje (Villa, trolig også det siste i verden)
1860
Første meteorologiske observasjonspost på fyr opprettes (Oksøy)
1873
Ny, blinkende linse karakteriserer Lista fyr og gjør to av tre fyrtårn der overflødige
1874
Første tåkehorn tas i bruk (Jomfruland)
1875
Første betongfyr bygges (Pirholmen)
1883
Første fyrlykt med gassoljebrenner tennes, som kan brenne uten sammenhengende vakt og tilsyni flere uker (Raunane)
1885
Første tåkesirene tas i bruk (Færder)
1890
Fyrhusene skifter farge fra oker til hvit (med røde striper) for å synes bedre om dagen
1895
Første lynblinkapparat tennes (Litle Presteskjer)
1897
Første elektrifiserte fyr tennes (Ryvingen, tredje sterkeste fyr i verden på dette tidspunktet, erstattet av gass 1921, elektrisitet 1957)
1903
Første petroleumsglødebrenner innføres (Obrestad)
1905
Nordligste fyr i fastlands-Norge tennes (Slettnes)
1908
Første lysbøye legges ut (Tromsøysundet)
1913
Undervannsklokke (tåkesignal) legges ut (Tristeingrunnen, sør for Færder). Inndratt 1932.
1923
Første radiofyr opprettes (Færder og Marsteinen)
1924
Første diafon (tåkesignalanlegg) tas i bruk (Geitungen)
1930
Første nautofon (tåkesignalanlegg) tas i bruk (Gullholmen og Leirvik)
1932
Anda fyr (Nordland) tennes, som det siste bemannete fyr langs norskekysten
1932
Første tyfon (tåkesignalanlegg) tas i bruk (Flatholmen)
1934
24 fyr føres opp på liste blant statens verneverdige bygninger
1935
Fuglelivet på 50 fyrstasjoner fredes
1944
Tyske tropper ødelegger fyrstasjoner i Finnmark
1942–45
Allierte fly skader fyrstasjoner på Vestlandet
1948
Restaurerings- og gjenreisingsarbeidet etter tyske krigshandlinger i Finnmark fullføres
1952
Restaurerings- og gjenreisingsarbeidet etter allierte krigshandlinger på Vestlandet fullføres
1965
Elektrifiseringen av bemannete fyrstasjoner fullføres
1973
Prosesser for automatisering og avbemanning av fyrene settes i gang
1989
Tungenes fyr åpner for publikumsdrift (prøvedrift fra 1988)
1992
Driften ved alle fyr er automatisert
1995
Nasjonal verneplan for fyrstasjoner legges frem av Riksantikvaren (publisert 1997). Forslag om å verne 84 fyrstasjoner og 5 tåkeklokker
1995
Forberedelse til oppretting av Norsk Fyrhistorisk Forening
1997
Norsk Fyrhistorisk Forening opprettes
2001
Stortingsmelding nr. 28 (2000–2001) Fyrstasjonene – posisjon og betydning i en moderne navigasjonsinfrastruktur
2005
Markering på Utsira av Pharos-prosjektets oppstart (EUs treårige program for vern av gamle europeiske steinfyr)
2006
Bøkfjord fyr avbemannes, som siste fyr
2008
Kystverkmusea etableres


 

Fyrhistorisk forhistorie

foto Bjørn Melleby

Fyr for fall?

Fyra står for fall! Det var utfordringa då elektronikken toga inn og trengde folket ut. Eigentleg starta automatiseringa med fyrlyktene alt sist på 1800-talet. Men med elektronikken akselererte utviklinga frå 1970-talet og i 1994 var det bare att 30 bemanna fyr av dei opphavleg 209. Store kulturhistoriske verdiar sto for fall.

På dei bemanna fyrstasjonane sette fyrvaktarane æra si i å halda bygningar og teknologi i topp stand. Dagleg vedlikehald hindra vind og væte i å få tak i treverk og betong. Brotne glas, rusta rekkverk og sundslege panel blei utbetra før større skade kunne skje.

Kring 93 prosent av alle dei norske fyrstasjonane grodde fram i hundreåret 1830 – 1930. Dei var eit viktig element i nasjonsbygginga i same perioden og representerte eit tungt løft for ein fattig nasjon. Fyra viste veg til velstand. Difor såg politikarane då seg råd ikkje bare til å reisa fyra, men også forsyna dei med dei siste, aktuelle teknologiske nyvinningane.

Kring 1990 sto me ved ein krossveg: Skulle me i vår velfødde velstand lata desse stortenkte byggverka som er eit viktig fundament for heile vår velstand i stikken? Kva omdøme ville då komande generasjonar gje oss?

Verneplan for fyr

Framtenkte folk kom då saman for å hindra det trugande forfallet. I 1991 gjekk Kystverket i eit nært samarbeid med Riksantikvaren for å utarbeida ein landsdekkande plan for freding og vern av fyra. I Vest-Agder blei det laga ein bruks- og verneplan, og langs heile kysten dukka det opp små grupper av friviljuge som mobiliserte til vern om fyra sine: Struten, Rødtangen, Stavseng, Jomfruland, Lille Torungen, Grønningen, Oksøy, Songvår, Lindesnes, Lista, Eigerøy, Obrestad, Tungenes, Geitungen, Ryvarden, Stabben, Kvannhovden, Alnes, Villa, Myken, Nyholmen og Skomvær fyr for å nemna nokre.

Kreativiteten var stor for å gje fyrstasjonane ny bruk: Galleriverksemd, utstillingar, seminarstader, feriestader, overnatting, diktarstover, representasjonsbygg for næringslivet og klubbhus for dykkarklubbar. Ved eit høve var det jamvel på tale at ein MC-klubb skulle få leiga ein fyrstasjon til foto Bjørn Melleby 1klubbhus!

Ambisjonane og ressursane varierte ein god del. Men ein veikskap var at det var svake kontaktar dei i mellom og med aktuelle institusjonar og fagmiljø. Internasjonalt fann fyrvernarbeidet tidleg ein møteplass i organisasjonen IALA, der ikkje minst norske deltakarar kom til å spela ei drivande rolle.

Fyrvener finn kvarandre

Av dei lokale miljøa var Lindesnes og Tungenes fyr mellom dei mest aktive. Begge stader fanst det ambisjonar om å etablera eit nasjonalt fyr/kystmuseum etter ein meir tradisjonell modell. Fyrst i 90-åra tok entusiastar frå ulike fyrmiljø til å besøka kvarandre. Hausten 1994 kom såleis ein delegasjon frå Lindesnes fyr på besøk til Tungenes fyr. Tanken var å etablera eit samarbeid, ikkje minst med målsetjing å få på plass eit fyrmuseum.

Ut frå dei ulike fyra sin funksjon, plassering og trong til vern gjekk ein over til å tenkja seg ein museumsmodell der kvar fyrstasjon kunne definerast inn ut frå sin eigenart og slik at dei fungerte som ein heilskap.

Som ei forlenging av desse tankane melde også tanken seg om ein nasjonal nettverksorganisasjon for fyrhistorisk interesserte. Det var eit klart behov for å utvikla både ein nasjonal møtestad og eit talerøyr for koordinering og formidling av fyrhistorisk vernearbeid.

For å fylgja opp desse tankane, kom Jon van der Eynden (Lindesnes fyr), Birger Lindanger (Tungenes fyr) og Danckert Monrad-Krohn saman i Oslo eit par veker før jul 1994 for i fyrste rekkje å planleggja eit seminar for fyrhistorisk interesserte. Parallelt blei også den fyrste fyrhistoriske foto Bjørn Melleby 2årboka førebudd i regi av Randaberg kommune/Tungenes fyr.

Status og strategi for norske fyr

Resultatet av arbeidet blei seminaret Status og strategi for norske fyr på Tungenes fyr og Fyrhistorisk årbok, begge delar i juni 1995. På seminaret vann tanken om ei fyrhistorisk foreining fram, og ein sette avslutningsvis ned ei arbeidsgruppe som i tillegg til dei tri overnemnde også blei supplert med Bjørn Mellevy frå Kystdirektoratet og distriktsdirektør John Erik Hagen frå Kystverket. Den siste fungerte som leiar for gruppa.

Arbeidsgruppa førebudde dels arbeidet mot ei nasjonal fyrhistorisk foreining, dels neste seminar som blei halde i Svolvær sommaren 1996. Dette seminaret drøfta mellom anna arbeidet vidare og særleg etableringa av ein landsorganisasjon. Det blei då mellom anna halde fram at ei slik foreining burde vera friviljug og ideell og ha som si hovudoppgåve dels å vera ein pådrivar i arbeidet for bevaring av verneverdige fyrstasjonar, dels arbeida for dokumentasjon og formidling av norske fyr og dels å fungera som ein koordinator i det fyrhistoriske arbeidet.

Sekretariatet tenkte ein seg knytt til Tungenes fyr, som òg skulle ha det redaksjonelle ansvaret for fyrårboka. Vidare skulle foreininga ha som utfordring å arrangera seminar over tema som er aktuelle i vernearbeidet for fyr og gje fyrhistoriske miljø og venneforeiningar assistanse i sitt virke for bruk og vern av fyr.

Mot konstituering

På seminaret blei det sett ned eit interimstyre med Birger Lindanger som leiar og koordinator, Stein Malkenes (Kvannhovden) som informasjonsansvarleg, Ansgar Gabrielsen (Lindesnes fyr), Kari Øvsthus (Alnes fyr), Jonny Storvik (Vågan kystlag) og Egil Larsen (Tungenes fyr). Det blei også knesett at det skulle leggjast opp til eit tett samarbeid med Forbundet Kysten, og Jon van der Eynden blei vald til å representera Forbundet i interimstyret. Danckert Monrad-Krohn, John Erik Hagen og Bjørn Melleby sa seg viljuge til å fungera som ei støttegruppe for styret.

Interimstyret arbeidde så i tråd med dei føringane som blei gjevne på seminaret.

Attåt var det utfordringar på fleire frontar: Aktuelle fyrpolitiske oppgåver, profilering av det fyrhistoriske arbeidet generelt og med organisasjonsbygging av den nye foreininga spesielt. Sjølve hovudoppgåva var å planlegga og å gjennomføra seminaret og det konstituerande landsmøtet på Lindesnes fredag 22. til søndag 24. august 1997.

Samlinga på Lindesnes var ein suksess, eit nytt styre med Stein Malkenes som leiar blei vald og med fordeling av oppgåver som trongst for å få til ei fungerande foreining. Dessutan kom vedtektene på plass, og det blei også skaffa ressursar til sjølve drifta. Norsk Fyrhistorisk Forening var ein realitet!

 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 85 gjester og ingen medlemmer på besøk.