Samarbeid

Samarbeid

Kystverket RGB litenKystverket

NFHFs viktigaste offentlege samarbeidspartnar er Kystverket, som eig dei fleste av fyra. Kystverket har ansvar for vedlikehald og drift av desse fyra. Rundt 70 av dei 114 fyrstasjonane blir leigde ut til venneforeiningar eller leigetakarar. Dei fleste av desse er medlemmer i NFHF.

 

Kystverkmusea

Kystverkmuseakystverkmusea logo er Kystverkets eige etatsmuseum. Det blei formelt oppretta i 2008, og er organisert som eit nettverkssamarbeid mellom fire sjølvstendige museum: Lindesnes Fyrmuseum, Jærmuseet, Sunnmøre Museum og Museum Nord.

I samarbeid med Kystverket og Kystverkmusea arrangerer NFHF eit nasjonalt fyrhistorisk seminar annakvart år. Neste gong blir i 2015. Seminaret samlar norske fyrforvaltarar og fyrvenner, og også representantar for fyrorganisasjonar i andre land.

 

KystledKystled

NFHF deltek òg i det nasjonale samarbeidet med Forbundet KYSTEN, Den Norske Turistforening, Oslofjorden Friluftsråd og Friluftsrådenes Landsforbund om Kystled-tilbodet. Mange av fyrforeiningane som er knytte til NFHF tilbyr fyrovernatting og anna tilrettelegging som ein del av konseptet Kystleden, der det blir fokusert på enkelt, miljøvennleg friluftsliv langs kysten og på ålmentas tilgjenge til fyra.

 

LOGO kulturvernforbundet Kulturvernforbundet

NFHF er medlem av Kulturvernforbundet, som er ein paraplyorganisasjon som jobbar for å betre vilkåra for det frivillige kulturvernet. Kulturvernforbundet har 22 medlemsorganisasjoner, som alle jobbar med å ta vare på vår materielle og immaterielle kulturarv. NFHF leiger kontorlokale gjennom Kulturvernforbundet i Kulturvernets hus i Oslo.

Andre

Foreininga har vidare eit nært samarbeid med Riksantikvaren og samarbeider i tillegg med søsterorganisasjonar i nordiske land. Informasjonsutveksling med World Lighthouse Soceity er etablert. NFHF er medlem av Frivillighet Norge.

 

 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 86 gjester og ingen medlemmer på besøk.