Møre og Romsdal

ULLA FYRSTASJON

altBeliggenhet: Haram kommune, Møre og Romsdal
Opprettet: 1874
Funksjon: Innseilingsfyr
Utvikling: Dagens fyrtårn er fra 1949.
Automatisert og avbemannet i 1975.
Vernestatus: Fredet etter Kulturminneloven 2000
Eier: Staten, Kystverket
Medlem av Norsk fyrhistorisk forening

Tekst og bilder: Ullafyrets Venner
 

 

 I 1872 blei det ”fra den fiskende almue i Haram” søkt om eit fyr enten på Kvernholmen eller på Ullaholmen. Søknaden var anbefalt av amtmannen m.fl. Bevilgning blei gitt til oppretting av eit fiskefyr, og det blei kjøpt ei mindre tomt på Kvernholmen der det blei oppført ei fyrbygning på 8,3 x 4,5 m med to små værelse og eit vaktrom på loftet. Fyret blei ferdig hausten 1873 og blei tent den 25. januar 1874.

I budsjettet for 1889-90 blei det gitt bevilgning til å utvide brennetida. Dette innebar at stasjonen måtte utvidast til familiestasjon. Og derfor var det ønskjeleg å kjøpe heie Kvernholmen slik at det blei ein brukbar ordning med småbruk for fyrvaktaren. Ein bustad på 8 x 6 m blei sett opp i tillegg til den som stod der frå før. Uthus og naust med båtopptrekk blei også oppført og dessutan eit lite fjøs.I 1898 blei det installert ei 4. ordens linse, og fyret ble omskjerma med fleire klippsektorar. Under ein storstorm i januar 1901 blei naustet flytta av sjøen, utan at det blei særleg skada. Ein del av det som stod i naustet blei skylt bort, og fyrvaktaren fekk kr 67,- i erstatning for tapte effekter… Et landingskar med svingkran blei bygd i 1908. I 1929 ble fyret vesentleg forsterka med installering av elektrisk kraft frå Haram Elverk.

I oktober 1944 blei Ulla fyrstasjon bomba av allierte fly. Skadane var store, og i 1950 ble det bevilga kr 300 000,- til gjenoppbygging av stasjonen. Det blei sett opp eit tårn på 6 x 6 m av jernbetong med maskin-, tavle- og vaktrom i 1. etasje. 2. etasje blei innreidd til lager for reservedeler og forbrukssaker, og på taket blei det oppført ei støpejernslykt. Tårnet vart plassert omtrent der den tidlegare bustaden hadde stått, ca 180 m frå landingsplassen.

Det blei bygd ein ny dobbeltbustad ca 60 m frå landinga, med husvere for fyrmester og ein betjent. Det vart også innreidd eit kombinert sove- og opphaldsrom for ein avløysar. Det blei også sett opp uthus og to naust. Frå nausta var det ei ca 30 m lang skinnebane til eit landingskar med svingkran. Nokre år seinare blei det bygt ei gangbru over det grunne sundet mellom Kvernholmen og Haramsøya.

I 1975 blei fyret automatisert og avfolka (kilde; Norges fyr. Bjørkhaug/Poulssen. Grøndahl Forlag). 

altI ei kort periode hadde forsvaret leigeavtale med Kystverket om bruk av fyret til ulike tilskipingar. I 2002 vart denne avtalen sagt opp og frå same dato har Kystverkklubben og Ullafyrets Venner teke over ansvaret for vedlikehald m.m. på Ulla Fyrstasjon. 

Ullafyrets Venner er ein frivillig organisasjon med om lag 40 medlemmer, som har som føremål å halde ved like og utvikle området ved og rundt Ulla fyr og fyrstasjon, og samstundes skape eit godt miljø innad i Ullafyrets Venner. Eit anna mål er å halde området ope for alle. Stasjonen er i god stand, med nytt vakuumtoalett og enkel dusj.

Området er svært mykje brukt som turmål av forskjellig karakter, både av lokalbefolkninga og av tilreisande. Området er lett tilgjengeleg og kan med enkel tilrettelegging vitjast av folk i rullestol. Av praktiske og vermessige grunnar er sjølve stasjonsområdet på Kvernholmen avlåst når det ikkje er folk til stades enten frå Ullafyrets Venner eller andre med adgang.

Fyrstasjonen er godt eigna for overnatting, med til saman 18 sengar fordelt på 6 rom. Den er også godt eigna for ulike tilskipingar, open fyrkafe, kunstutstilling, mindre selskap, med ein kapasitet rundt 30 personar for servering og slike formål.Fyrbetjenten sitt naust er innreidd som festlokale med langbord.

 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 88 gjester og ingen medlemmer på besøk.