Møre og Romsdal

ALNES FYRSTASJON

altUtvidingar i 1876 og i 1890-åra

Etter at brennetida i 1874 vart utvida til 9.5 månadar (1.aug.-15.mai), vart det endå vanskelegare å få tilsynsmann. Fyrvesenet tilsette difor ein fast fyrvaktar og bygde bustad til han i 1876, ved å utvide fyrstova med tre rom (dei lyse romma på teikninga) pluss loft og kjellar. Bygningen var no for første gong kombinert fyrlykt og familiebustad. Det gamle bislaget vart del av eit nytt uthus. Naust vart bygd i same perioden. Alnes fyr var no blitt ein familiestasjon. I 1891 gav Fyrdirektøren løyve til ei omfattande utbetring av fyrstasjonen. Det vart bygd eit nytt vaktrom i 2. høgda, med trapp opp til fyrets første tårn - utstyrt med utvendig platform. Lykta var no 24.7 m over flo sjø. I 1905 vart fyret oppgradert med eit fransk linseapparat av 4. orden.


alt1936-82  nytt fyrtårn og automatisering

For å få lykta høgare over havet, vart det i 1936 bygd eit nytt vinkeljarntårn, 22.5 m høgt. Denne typen tårn er relativt sjeldan i Noreg. I den gamle fyrbygningen vart lyktehuset teke ned, no det "gamle vaktværelse" i 2. høgda omgjort til "rum for reserve-assistenten". Huset vart forlenga mot sør, med loft og kjellar; det vart frå no av berre vaktarbustad. Det nye fyrtårnet, uthuset og naustet utgjorde resten av anlegget. På 1960-talet vart det gjort ei omfattande modernisering av vaktarbustaden, som var i bruk fram til 1982. Då vart lykta automatisert.
No følgde år med jamnt forfall av bygningane på fyret; berre naudsynt utvendig vedlikehald vart gjort av Kystverket. Livet og verksemda på fyret hadde hatt mykje å seie for Alnes-folket, som hadde vore utan veg til 1964. No vart bygningane ståande avlåste og utilgjengelege, og det kjentest som eit stort tap for befolkninga. Men i 1993 lukkast dei med å starte gjenopplivinga av anlegget.



altRestaurering av fyrvaktarbustaden

Då det var ønske om at vaktarbustaden igjen skulle spele ei spesiell rolle på Alnes, var ein ikkje nøgd med "berre" å reparere bygningen. Det vart difor engasjert ein restaureringsarkitekt, som samarbeidde med stiftelsesstyret, kommunen, Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal og Riksantikvaren. Ein kom fram til at interiøret skulle restaurerast og førast tilbake til det opphavlege utsjåandet; til 1870-talet for eldste delen, og til 1930-talet for den nyaste. Eit omfattande arbeid vart sett i gang; fjerning av fleire lag med panel og plater på veggar, golv og i tak synte at mykje var øydelagt, og at alt listverk var borte. Eit spanande detektivarbeid tok no til; å finne fram til opphavleg listverk og fargar. Det vart m.a. gjenskapt 23 ulike fargar, som vitna om imponerande fargekunnskap og målarhandverk då huset vart bygd. Det vart gitt ei viss statleg støtte til prosjektet, og noko vart gjort som arbeid for trygd. Men storparten av arbeidet vart gjort på dugnad, og det er først og framst den store innsatsen til lokalbefolkninga over fleire år at vaktarbustaden no står som eit handfast dokument om verksemda på fyret frå 1870-åra og utover.

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 264 gjester og ingen medlemmer på besøk.