Møre og Romsdal

ALNES FYRSTASJON

altBeliggenhet: Giske kommune, Møre og Romsdal
Opprettet: 1853
Funksjon: Innseilingsfyr
Utvikling: Nedlagt i 1861. Nytt fyr i 1869, 1876 og 1892. Dagens fyrtårn er fra 1937.
Automatisert og avbemannet  i 1982.
Vernestatus: Fredet etter Kulturminneloven 2000
Eier: Fyrtårnet eies av Staten, Kystverket. Øvrige bygninger eies av Giske kommune, fra 1993.
 
Medlem av Norsk fyrhistorisk forening
Mulighet for overnatting/utleie: Ja
Ny bruk:  Hjemmeside
Bilde: Ottar André Anderson



Tilkomst: Bilvei helt fram
Type: Trekledd vinkelkonstruksjon
Tilhørende bygninger: Fyrmester/familiebolig 1876, uthus 1876, naust.

Bevertning: Sal av heimebakst.
Adresse: Alnes fyr, 6055 Godøy

Alnes fyr - Kultursenter i nordvest

Alnes ligg på nordsida av Godøy - ei av dei 4 øyane i Giske kommune - med Ålesund og fastlandet i aust og ope hav i vest. Med få avbrekk har det vore fyrveksemd på Alnes sidan 1852. Fyret er framleis i full drift (automatisert sidan 1982), og sidan 1993 har anlegget også fungert som eit lokalt og regionalt kultursenter i ein unik landskapssituasjon. Med bru og undersjøisk tunnellsamband til Ålesund lufthamn Vigra og til Ålesund (begge knapt 20 min. med bil), er Alnes i dag blant dei fyra i landet som er best tilgjengelege. I sommarhalvåret er det eit populært reisemål både for turistar og for folk i regionen.



altKulturlandskapet på Alnes

Alnes er ein låg sandtange og ein del av strandflata som er så karakteristisk for store delar av kysten på Nord-Vestlandet. Klimaet er oseanisk, med milde vintrar og ikkje for varme somrar. Busetnaden starta i sør, i ly av Godøyfjellet. Den breidde seg etterkvart nordover på neset, men berre på austsida, og er relativt tett; Alnes har fått behalde preget av fiskevér. Resten av neset er store, samanhengande engområde utan grensegjerde - berre med merkesteinar. I sør markerer ein steingard skiljet mellom innmark og utmark; her ligg beite- og lyngheier. Desse følgjer òg Godøyfjellet, der det reiser seg bratt i sør - oppe på flaten er der store myrer. Heilt fram til 1940-talet vart desse nytta til torvskjering. Alnes er mest heile vegen rundt avgrensa av strender, fylt av store rullesteinar. I sørvest går desse over i den storslagne Sandvika. Den unike landskapsmessige situasjonen på Alnes har fått stå relativt uendra siste århundret. Bygningane frå dei 11 gardsbruka er blitt ståande samla i eitt tun. Dette er no sjeldan i Noreg, og det gjer Alnes spesielt interessant.

 


altGardsdrift og fiske

Som elles på kysten har det fram gjennom århundra vore kombinert jordbruk og fiske på Alnes, då gardane var for små til å leve av. Nokre familiar var utan gard. Fram til slutten av 1920-åra var Alnes eit av dei største fiskeværa på Sunnmøre, og særskilt under torskefisket var mange sesongarbeidarar innkvarterte her. Det var mykje liv og røre på staden i denne tida, og stor kontakt med andre bygdelag i regionen. Om fiske også i ettertid har vore den viktigaste næringsvegen, har jordbruket heile tida vorte drive aktivt; idag er sauehald det primære. Sjølv om det ikkje lenger er heiltids-bønder på Alnes, vert alt graset slått og hesja kvart år, og mange av dei gamle tradisjonane vert haldne i hevd.




altDen første fyrtenesta på Alnes

Årsaka til at det vart starta fyrteneste på Alnes i 1852, var trong for større tryggleik for fiskarane. Dåverande Borgund kommune gav løyve til at det vart tent ei privat lykt på Alnestangen for å lyse for lokale fiskarar og for torskefisket. Verksemda starta med tre talglys i ei lita fyrstove; svakt bluss for at ein ikkje skulle ta i miss med fyret på Runde. Til drift og vedlikehald skulle alle som deltok i fisket betale 4 skilling årleg. Då dette ikkje vart etterlevd, vart Staten oppmoda om å overta i 1859. Då svaret var nei, vart fyret nedlagd i 1862. Etter gjentekne søknadar frå kommunen, løyvde likevel fyrdirektøren 250 spd. på budsjettet for 1869 til ei lita fyrlykt som kunne heisast opp i ei mast. Lykta vart seinare flytta til eit lite skur.


altUtvidingar i 1876 og i 1890-åra

Etter at brennetida i 1874 vart utvida til 9.5 månadar (1.aug.-15.mai), vart det endå vanskelegare å få tilsynsmann. Fyrvesenet tilsette difor ein fast fyrvaktar og bygde bustad til han i 1876, ved å utvide fyrstova med tre rom (dei lyse romma på teikninga) pluss loft og kjellar. Bygningen var no for første gong kombinert fyrlykt og familiebustad. Det gamle bislaget vart del av eit nytt uthus. Naust vart bygd i same perioden. Alnes fyr var no blitt ein familiestasjon. I 1891 gav Fyrdirektøren løyve til ei omfattande utbetring av fyrstasjonen. Det vart bygd eit nytt vaktrom i 2. høgda, med trapp opp til fyrets første tårn - utstyrt med utvendig platform. Lykta var no 24.7 m over flo sjø. I 1905 vart fyret oppgradert med eit fransk linseapparat av 4. orden.


alt1936-82  nytt fyrtårn og automatisering

For å få lykta høgare over havet, vart det i 1936 bygd eit nytt vinkeljarntårn, 22.5 m høgt. Denne typen tårn er relativt sjeldan i Noreg. I den gamle fyrbygningen vart lyktehuset teke ned, no det "gamle vaktværelse" i 2. høgda omgjort til "rum for reserve-assistenten". Huset vart forlenga mot sør, med loft og kjellar; det vart frå no av berre vaktarbustad. Det nye fyrtårnet, uthuset og naustet utgjorde resten av anlegget. På 1960-talet vart det gjort ei omfattande modernisering av vaktarbustaden, som var i bruk fram til 1982. Då vart lykta automatisert.
No følgde år med jamnt forfall av bygningane på fyret; berre naudsynt utvendig vedlikehald vart gjort av Kystverket. Livet og verksemda på fyret hadde hatt mykje å seie for Alnes-folket, som hadde vore utan veg til 1964. No vart bygningane ståande avlåste og utilgjengelege, og det kjentest som eit stort tap for befolkninga. Men i 1993 lukkast dei med å starte gjenopplivinga av anlegget.



altRestaurering av fyrvaktarbustaden

Då det var ønske om at vaktarbustaden igjen skulle spele ei spesiell rolle på Alnes, var ein ikkje nøgd med "berre" å reparere bygningen. Det vart difor engasjert ein restaureringsarkitekt, som samarbeidde med stiftelsesstyret, kommunen, Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal og Riksantikvaren. Ein kom fram til at interiøret skulle restaurerast og førast tilbake til det opphavlege utsjåandet; til 1870-talet for eldste delen, og til 1930-talet for den nyaste. Eit omfattande arbeid vart sett i gang; fjerning av fleire lag med panel og plater på veggar, golv og i tak synte at mykje var øydelagt, og at alt listverk var borte. Eit spanande detektivarbeid tok no til; å finne fram til opphavleg listverk og fargar. Det vart m.a. gjenskapt 23 ulike fargar, som vitna om imponerande fargekunnskap og målarhandverk då huset vart bygd. Det vart gitt ei viss statleg støtte til prosjektet, og noko vart gjort som arbeid for trygd. Men storparten av arbeidet vart gjort på dugnad, og det er først og framst den store innsatsen til lokalbefolkninga over fleire år at vaktarbustaden no står som eit handfast dokument om verksemda på fyret frå 1870-åra og utover.