Hordaland

RYVARDEN FYRSTASJON

altBeliggenhet: Sveio kommune, Hordland
Opprettet: 1849
Funksjon: Innseilingsfyr
Utvikling: Nytt fyr i 1861 og 1891.
Dagens fyrtårn er fra 1935.
Automatisert og avbemannet i 1984.
Vernestatus: Ikke fredet
Eier: Fyrtårnet eies av Staten, Kystverket.
Øvrige bygninger eies av Sveio kommune,
fra 2005.
Medlem av Norsk Fyrhistorisk Forening
Ny bruk
 


Tilkomst: Bilveg heilt fram, men ferdsel med kjøretøy tillatt kun ved dispensasjon
Opningstider: På søn- og helgedager fra mars - desember kl. 11-16. Fra primo juli - medio august: også onsdag - lørdag kl. 12-16
Bevertning: Enkel kafé
Utleie: Selskaper på maks 50 personer
Overnatting: Hele året
Besøksadresse: Mølstrevåg, 5550 Sveio
Postadresse: Postboks 40, 5559 Sveio
Tlf.: 53 74 00 41 / 53 74 80 00
Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Egen hjemmeside: www.ryvarden.no

altRyvarden fyr ligg på eit nes som stikk godt ut i fjorden, med utsikt til Bømlafjorden nordover og Sletta sørover. Ein smal grusveg svingar seg 2 km utover frå den gamle handelstaden Mølstrevåg og byr på skiftande natur, frå særprega kulturlandskap, gamle steinmurar, eit rikt planteliv til forblåste lyngrabbar. På denne vegen er det normalt kjøreforbod, men det kan gis dispensasjon for kjøring heilt ut.

Etter at Ryvarden fyrstasjon vart automatisert og fråflytta i 1984, har dei gamle bygningane på fyret i Sveio lengst sør i Hordaland fått nytt liv som kultursenteret Galleri Ryvarden, eller som det også vert kalla - Ryvarden kulturfyr. Galleriet vart opna i 1992, då den vertikaldelte fyrbetjentbustaden slo opp att dørene, med nyoppussa vegger fulle av biletkunst, med solide tremøblar og ei lokkande lukt av kaffi og nysteikte vaflar.

På Ryvarden Kulturfyr finn du i dag Galleri Ryvarden m/kafe, eit kunstatelier og fyrmesterbustaden som vert utleigd.

Galleri og fyrkafé


Galleriet har varierte kunstutstillingar av høg kvalitet. Ny salsutstilling blir opna den første søndagen kvar månad i perioden frå påske til jul. Sveio kommune deler ut Ryvardenstipendet ein gong kvart år. Stipendet kan delast ut til norske og islandske kunstnarar. Stipendet er på kr. 20 000 og om lag ein månads arbeidsopphald på Ryvarden.

Vel ute på fyret, kan ein i tillegg til kunst og utsikt nyte kaffi, nysteikte vaflar med rømme og /eller rykande varm, heimelaga fiskesuppe i kaféen som er i same lokala som galleriet. Desse lokala vert og leigd ut til små og store selskap, møter, kurs- og konferanselokale.

altalt













Utleige/overnatting

Våren 2007 vart fyrmesterbustaden totaloppussa og står no fram som innbydande for dei som ønskjer å bu på eit fyr for ei eller fleire netter. Huset inneheld 5 soverom med til saman plass for 8-10 personar, bad, stove, kjøkken og gang. Huset er prega av gjennomført fargebruk og vakre og solide møblar. Vi har ei gunstig ordning for kunstnarar som ønskjer arbeidsopphald på fyret.

Moglegheit for oppleving er stor på Ryvarden. Om havet frådar eller ligg blikk, kjem du i nærkontakt med naturen her ute. Er årstida den rette, kan du høyre orreleken bak husa samstundes som du ser havfuglane segla på oppspente vengjer. Her finn du ro medan Flóke sine ramnar skrattar løyndomsfullt i bakgrunnen.

altalt









 


Historisk bakgrunn
altDet unge galleriet står trykt planta midt i gamal historie, for Ryvarden har vore eit seglings- og kjennemerke i over 1.100 år. I korte drag lyder historia om Ryvarden slik: Innerst i Viksefjorden budde Floke Vilgerdson, seinare kalla Ramna-Floke, som vart kjend som landnåmsmann på Island. Alt i år 869 låg han på ferd til Island. Medan han venta på bør, blota han og let byggja ein varde ute på neset. Denne varden vart kjent som floka-varden og er faktisk landets første kjente sjø (seglings-) merke. Neset vart seinare heitande Ryvarden (varden mellom ryger og horder). Under blotet trolla han og kraft i tre ramnar som han sende ut for å få landkjenning då han næra seg Island. Historiea om dei tre ramnane er elles velkjend på Island.

Etter ein hard tur kom Ramna-Floke med fylgje sitt til Bardastrand på Gardarholm (som Island då vart kalla), og dyra vart sleppte på eit rikt og godt beite. I alle fjordar og sund, på alle holmar og berg var det drivande fullt av fisk, kval, sel og fugl og Ramna-Floke og fylgje hans kasta seg så ihuga inn i fangst og fiske at dei gløymde å syta for vinterfòr til dyra. Som eit resultat av dette laut dei slakta buskapen då vinteren kom. Vinteren vart hard (det er dokumentert uvanleg kalde vintrar nokre år), og då dei fekk sjå heile fjorden full av havis, gav dei i sitt store mismot landet namnet Island.

Etter to overvintringar drog Ramna-Floke og fylgje tilbake til Norge, men reiste sist på 870- talet attende til Island. I fylgje tradisjonen var altså Ramna-Floke ein av dei første som kom til Island. Den norske vikingen Nadodd og svensken Gardar Svåvarson var før ute, og mange historikarar trur at det var deira beretningar som fekk Ramna-Floke til å dra ut. Det var Ramna-Floke som namngav landet, og han var den første av dei som kom til Island som seinere slo seg ned der for godt, i Skagafjordur på Nordlandet, der det enno finns namn som Flokadalen og Flokavatn. Og sjølvsagt heiter ei gate i Rekjavik Flokegata.

Floke-varden stod ytterst på Ryvardsneset i mest tusen år og var eit viktig kjenne- og seglingsmerke langs leio. Men frå omkring 1840 og utover skjedde det ting som stilte nye krav til tryggleik og navigering. Det var eit storveges vårsildfiske på kysten med stor tilstrøyming av fartøy. Dette gav behov for fyrlykter og m.a. på Ryvarden var det i 1849 bygd eit såkalla fiskefyr, ei tømra vaktstve på 2.6 x 2.6 m. Med trebenk og ein liten ovn. Lykta var ei lita vegglykt som skulle vera tent frå 21. des. til 1. mars under vårsildfiske. Alt i 1852 vart brennetida utvida til 10 månader. Og i tida utover arbeidde fyrdirektøren jamnt for å gjera innseglingsleiene tryggare. Kvart år blei det satt opp vardar, stakar, dagmerke, og fortøyningsringar langs kysten og fyra vart og utbygd. Slik fekk Ryvarden i 1861 hus på 8 x 6.3 for fyrvoktarfamilien. Arbeidsfolket reiv då ned den mest 1000 år gamle varden og brukte steinane til grunnmur i bygget. Dåverande fyrdirektør Dirik omtalar hendinga slik:

”I 1861 kom jeg på ny til Ryvarden for å tilse oppførelsen av fyrbygningen. Da jeg kom opp på pynten, ble jeg stående som rammet av lynet. Varden, eller i alle fall en stor del av den var forsvunnet….. Barbarer, vandaler som med profane hender har ødelagt hva generasjon efter generasjon har respektert i tusen år.Min indignasjon var stor og bitter”.

Historien om Ramna-Floke kan besøkjande no få oppleva i den gamle løa, der tekst, illustrasjonar og bakgrunnsmusikk til saman gjev eit livfullt inntrykk av lokalhistorie og landnåmstid.

Det er og reist ein ny varde til minne om den gamle som vart riven. Både varden og Floke-løa vart innvia jonsokafta 1994 av den islandske ambassadøren i Norge, Eidur Gudnason. For ytterlegare å styrka banda til Island, vart det vedtatt å lysa ut Ryvarden-stipendet både for islandske og norske kunstnarar, og Sveio kommune har og gjeve ein ”Floke-varde” til Island.

Fyret vart på nytt bygd fyrbetjentbustad om i 1891 med lys frå ein Alladin lampe. I 1935 vart det bygd fyrmesterbustad og nytt fyr med maskinhus for motorane. Det vart samstundes montert tåkelur og lyset vart endra til nettbrennar – Petromax system. Neste endring kom i 1958, ny fyrbetjentbustad (noverande galleribygg) og ny elektrisk lampe på 250 W med lysstyrke på 7000 herfnerlys og rekkevidde på 13.4 nautiske mil.

31. juli 1984 vart det, etter vedtak i stortinget om automatisering, slutt på Ryvarden som bemanna fyrstasjon.