Hordaland

SLÅTTERØY FYRSTASJON

fyr1Beliggenhet: Bømlo kommune, Hordaland
Opprettet: 1859
Funksjon: Kystfyr
Utvikling: Automatisert i 1988. Avbemannet i 2003.
Vernestatus: Fredet etter Kulturminneloven 1999.
Eier: Staten, Kystverket
Medlem av Norsk Fyrhistorisk Forening
Ny bruk: Venner av Slåtterøy fyr tilbyr overnatting.
Kontaktinformasjon utleie: tlf. 959 33 274
 


 
 
 
 

Ny bruk

Venner av Slåtterøy fyr.
Overnattingstilbud og omvisning etter avtale.
Kontakttelefon: 918 65 873
Epost:  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

mot sor lKystfyret på Slåtterøy vart oppretta i 1859. Her vart sett opp eit 25 meter høgt støypejernstårn og bygd bustad, uthus, naust og steinlagde vegar.

Slåtterøy fyrstasjon var heim for tre fyrvaktarfamiliar. I 1958 vart familiane sette i land, medan vaktarane fekk hyblar på fyret.

1. juli 2003 vart stasjonen avfolka. No rår sauene, måsen og vinden grunnen, under sveipet av landets sterkaste fyrlys.

Slåtterøya ligg ytst mot Selbjørnsfjorden, mellom Bergen og Haugesund, like utanfor den gamle handelsstaden ved Brandasundet i Bømlo kommune.

Fyrfolka var einaste fastbuande på øya. Ho tilbyr variert landskap, vekslande mellom lynghei, grasmark og kvitskurte berg. Den søre delen av øya er i privat eige og har vore nytta til slåtte- og beiteland til dags dato.

På den statlege eigedommen er no kulturlandskapet freda av Riksantikvaren som eit kulturhistorisk og arkitektonisk verdfullt anlegg tilknytt sjøfart, fyrvesen og kystkultur.

 

stove1

Venner av Slåtterøy fyr

Venner av Slåtterøy fyr driv bygningane ved fyret med formål å verna og formidla fyrhistorie og kystkultur, og gjera fyrstasjonen tilgjengeleg for folk flest.



Du kan altså leiga deg husrom på denne flotte fyrstasjonen. 



I bustadhuset er det til saman 14 senger med dyne/pute. Første etasje: to soverom med fire sengeplassar i kvart. Andre etasje: Eitt soverom med tre sengeplassar, stove med dobbel sovesofa, dessutan ein enkel sovesofa ute på gangen. Dyne- og putetrekk, laken og handkle må gjestene ta med.

Huset har stort kjøken med komfyr, kjøle/fryseskap og oppvaskmaskin.

Her er to bad med dusj og WC. (Stasjonen har sisternevatn, alle brukarar må difor bidra til vannsparing.)

For å ta seg opp til fyrstasjonen, må ein gå i trapper. Gode sko er nødvendig, og all ferdsel på øya må skje på eige ansvar. Av omsyn til beitedyr må hundar haldast i band.



 

 

sove1

Utleigetakstar:


Overnatting, kr 250 per person/natt


Barn 6 til 16 år, kr 100


Medlemmer av Venner av Slåtterøy fyr,

kr 100 (barn gratis)


Leige av huset for arrangement, kr 1000 (u/overnatting)



Betaling kan skje via nettbank til Venner av Slåtterøy fyr, konto 3520.56.83141.

 

kjokken copyTilkomst 


Kjem du landevegen til Bømlo, kjører du til Brandasundet. Herifrå treng du skyss ut til fyret, ca 10 minuttar i båt. 


Skyss

Jostein Waage, 975 66 056. Han går frå Skjeret, på austsida av Brandasundet.

Alternativ overnatting dersom vêret hindrar ilandstigning, kan ordnast lokalt på staden.
Sjå evt.: www.brandasund.com eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. 



Proviantering



Ved Brandasundet er det to daglegvarebutikkar der ein får det meste ein treng for opphaldet.



Kanskje er du interessert i medlemsskap i venneforeininga?

 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 74 gjester og ingen medlemmer på besøk.