Hordaland

SLÅTTERØY FYRSTASJON

Beliggenhet: Bømlo kommune, Hordaland
Opprettet: 1859
Funksjon: Kystfyr
Utvikling: Automatisert i 1988. Avbemannet i 2003.
Vernestatus: Fredet etter Kulturminneloven 1999.
Eier: Staten, Kystverket
Medlem av Norsk Fyrhistorisk Forening
Ny bruk: Venner av Slåtterøy fyr tilbyr overnatting.
Kontaktinformasjon utleie: tlf. 952 32 238
 

Tekst og bilder: Venner av Slåtterøy fyr



Ny bruk: Venner av Slåtterøy fyr.
Overnattingstilbud. Omvisning etter avtale.
Kontakttelefon: 974 97 666 eller 95933274
Epost:  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kystfyret på Slåtterøy vart oppretta i 1859. Her vart sett opp eit 25 meter høgt støypejernstårn og bygd bustad, uthus, naust og steinlagde vegar.

Slåtterøy fyrstasjon var heim for tre fyrvaktarfamiliar. I 1958 vart familiane sette i land, medan vaktarane fekk hyblar på fyret.

1. juli 2003 vart stasjonen avfolka. No rår sauene, måsen og vinden grunnen, under sveipet av landets sterkaste fyrlys.

Slåtterøya ligg ytst mot Selbjørnsfjorden, mellom Bergen og Haugesund, like utanfor den gamle handelsstaden ved Brandasundet i Bømlo kommune.

Fyrfolka var einaste fastbuande på øya. Ho tilbyr variert landskap, vekslande mellom lynghei, grasmark og kvitskurte berg. Den søre delen av øya er i privat eige og har vore nytta til slåtte- og beiteland til dags dato.

På den statlege eigedommen er no kulturlandskapet freda av Riksantikvaren som eit kulturhistorisk og arkitektonisk verdfullt anlegg tilknytt sjøfart, fyrvesen og kystkultur.



Venner av Slåtterøy fyr

Venner av Slåtterøy fyr driv bygningane ved fyret med formål å verna og formidla fyrhistorie og kystkultur, og gjera fyrstasjonen tilgjengeleg for folk flest.

Du kan altså leiga deg husrom på denne flotte fyrstasjonen.

I bustadhuset er det til saman 11 (13) senger med dyne/pute fordelt på fem rom, dessutan seks ekstra madrasser. Dyne- og putetrekk, laken og handkle må gjestene ta med.


Huset har stort kjøken med komfyr og kjøle/fryseskap.

Her er bad med dusj og WC. (Stasjonen har sisternevatn, alle brukarar må difor bidra til vannsparing.)

Stova har to salongar og eit langbord.
Då fyrstasjonen manglar god hamn, kan det vera vanskeleg å lenda, særleg haust og vinter.

For å ta seg opp til fyrstasjonen, må ein gå i trapper. Gode sko er nødvendig, og all ferdsel på øya må skje på eige ansvar. Av omsyn til beitedyr må hundar haldast i band.

Utleigetakstar:

* Overnatting, kr 250 per sengeplass/natt
* Barn 6 til 16 år, kr 100
* Medlemmer av Venner av Slåtterøy fyr, kr 100 ( - barn gratis)
* Gaiding i tårnet, kr 20 per vaksen
* Gaiding på heile anlegget, kr 50 per vaksen
* Leige av huset for arrangement, kr 1000 (- u/overnatting)
* Gruppetilbod etter avtale


Betaling kan skje via nettbank til Venner av Slåtterøy fyr, konto 3520.56.83141.

 


Tilkomst

Korleis reisa til Bømlo, sjå http://www.bomlo-reiselivslag.no/

Kjem du landevegen, kjører du til Brandasundet. Herifrå treng du skyss ut til fyret, ca 10 minuttar i båt.

Kjem du i eigen båt, vél du den lendinga som høver best etter vêrtilhøva, nord eller sør på øya.



Skyss

975 66 056 Jostein Waage (Han går frå Skjeret, på austsida av Brandasundet.)

Alternativ overnatting dersom vêret hindrar ilandstigning, kan ordnast lokalt på staden. Sjå evt.: http://www.brandasund.com/

Proviantering


Ved Brandasundet er det daglegvarebutikkar der ein får det ein treng for opphaldet. "Det Norske Havkjøkken" v/William Hope, tlf. 900 61 270 kan tilby servering på fyret, alt frå fiskesuppe til gourmetmat.

Kontakt ved leige:


Venner av Slåtterøy fyr
Elisabeth E Meling,
Sønstabøvågen,
5430 Bremnes

Telefon: 974 97 666
Epost: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kanskje er du interessert i medlemsskap i venneforeininga?
 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 95 gjester og ingen medlemmer på besøk.