Hordaland

LEIRVIK FYRSTASJON

Leirvik fyr Foto Heidi EikremsvikBeliggenhet: Stord kommune, Hordaland
Opprettet: 1878
Funksjon: Ledfyr
Utvikling: Nedlagt og avbemannet i 1903.
Fyret ble erstattet av en fyrlykt.
Bygningene ble solgt til privat kjøper.
Kjøpt og rebemannet av Fyrvesenet i 1930 (tåkesignal). Nedlagt og avbemannet i 1975. 
Vernestatus: Ikke fredet
Eier: Stord kommune, fra 2005
Medlem av Norsk Fyrhistorisk Forening
Ny bruk: Venelaget for Leirvik
 
Bilde: Heidi Eikremsvik
 

 

 

 

Leirvik fyr er eit leifyr for båttrafikk i Sunnhordlandsbassenget. Det ligg sentralt til på Midtøy ved innseglinga til Leirvik hamn. Frå fyrstasjonen er det utsyn mot Ålfjord, Bømlafjord, Bjoafjord, Klosterfjord, Kvinnherad/Hardangerfjord og Nuen.

Fyrstasjonen med bygningar

Stord kommune kjøpte fyrstasjonen av Kystverket i 2005. Den er på om lag 4 mål grunn, og omfattar bustad for fyrvaktarfamilie, uthus, maskinhus, eit lite oljehus, båtnaust, kai og molo. Resten av Midtøya er i privat eige. Bustaden er ein kvit murbygning, oppført av betong på fjell, og med to cisterner for takvatn. Den har rom i to høgder, forutan kjellar. Uthuset er også oppført i betong. Maskinhuset er ein trebygning på grunnmur av betong. I første høgd er det wc med dusjkabinett. Naustet er av vanleg bindingsverk på grunnmur. Mellom naust/kai og fyrbygningane går det steinsett gangveg, og frå naustet fører det eit opptrekk med lunner ut i sjøen.

Litt historikk

I 1877 kjøpte Fyrvesenet Midtøya (Fyrøya) og bygde fyrstasjon der. Året etter kom Leirvik fyr i drift i ”hvitt stenhus, som fast fyr, 15 meter over havflata og med lysvidde på 9 Kvm (nautiske mil). Brennetida var frå 15. juli til 15. mai. I 1903 blei det erstatta av fyrlykt i eit lite jernhus på same eigedom, 14 meter over havflata. Fyrlykta fekk okkulterande lys med lysvidde på 7.2 Kvm. Av di det ikkje lenger var trong for fast døgnvakt på fyrstasjonen selde Statens Fyr- og Merkevesen stasjonsbygningane og storparten av Midtøya til private på auksjon, men heldt tilbake fyrlyktgrunnen og ein liten nausteigedom.

I dei neste ti-åra blei det monaleg auke i båttrafikken mellom Stavanger og Bergen, og i dei nærliggjande fjordane i Sunnhordland. Etter nokre båtforlis i området, kom det krav frå maritimt hald om tåkelur i tilknytning til Leirvik fyr. Statens Fyr- og Merkevesen kjøpte derfor tilbake fyreigedomen i 1930 for å etablera tåkesignal på staden. Same året kom den aller første nautofonen i landet i drift ved Leirvik fyr, men allereide i 1928 byrja arbeidet med å få den på plass. Maskinaggregata for tåkeluren blei plassert i hovudhuset, i eit rom ved sida av stova, medan nautofonen/tåkeluren blei hengt opp i ei mast like ved fyrlampen. Den gav 2 støyt i rask rekkefølgje kvart 30 sekund ( støyt 4 sek, pause 5 sek, støyt 4 sek, pause 17 sek).

Tåkeluren krevde døgnvakt og den første tilsynsmannen med familie flytta ut på fyrstasjonen hausten 1930. Det offisielle navnet var Leirvik tåkesignal, men Leirvik fyr har alltid vore brukt i daglegtale. Tilsynsmannen fekk ansvar for tåkeluren, fyrlykta på stasjonen og fyrlykta på stativ i Leirvik havn. I 1937 fekk han ny stilling som fyrvaktar III med dei same pliktene som før. Nokre år seinare blei stillinga omgjort til fyrmeister, men nemninga fyrvaktar har vore mest brukt om stillinga. I 1939/40 blei det reist nytt maskinhus på eigedomen. Diselmotorane for nautofonen blei då flytta dit frå fyrvaktarbustaden.

Fyret i krigsåra

I 1941 bygde den tyske hærmakta eit vakttårn i 3 høgder på Midtøya, knapt 75 meter frå fyrstasjonen. På ein open takterrasse var det eit mitraljøserede. Ein kontingent tyskarar budde der og overvåka all skipstrafikk i området som fyret dekka.
Familien på fyret blei evakuert til fastlandet hausten 1942. Berre fyrvaktaren blei igjen på fyrstasjonen. I løpet av dei fem krigsåra var det ved fleire høve kraftig ildgjeving over Leirvik havn og Leirvik fyr, frå både allierte og tyske fly og frå luftvernkanoner i tyske vaktbåtar.
I november 1943 blei det skote på området rundt fyrstasjonen frå allierte torpedobåtar, og ved juletider i 1945 havna det panserverngranatar frå frå engelske Moskito-fly på Midtøya. Spissen av ein slik traff uthusveggen på fyrstasjonen, utan å gjera alvorleg skade.

Etter at den aller første fyrvaktaren gjekk av med pensjon i 1947 har det budd tre fyrvaktarfamiliar på fyrstasjonen. Leirvik fyr blei automatisert og avbemanna i 1975, og i 1978 blei Leirvik tåkesignal offisielt nedlagt.

Ny bruk av fyrstasjonen

Kultureininga på Stord arbeider med planar for bruk av fyrstasjonen, og Stord kommunale forvaltning KF har ansvar for forvaltning av eigedomen og bygningane der. Venelaget for Leirvik fyr som blei oppretta hausten 2011, har avtale om samarbeid med kommunen om vedlikehaldsoppgåver og oppgradering av fyrstasjonen til allmenn bruk.

Av Bjørn Angell Bergh
 
 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 155 gjester og ingen medlemmer på besøk.