Sogn og Fjordane

ULVESUND FYRSTASJON

Beliggenhet: Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane
Opprettet: 1870
Funksjon: Ledfyr
Utvikling: Nedlagt og avbemannet i 1985.
Fyret ble erstattet av en fyrlykt på søyle.
Vernestatus: Ikke fredet
Eier: Staten, Kystverket
Hjemmeside: www.ulvesundfyr.no
 
Medlem av Norsk Fyrhistorisk Forening


Ulvesund Fyr er bygd i 1870, og vart automatisert i 1985. Det ligg på Hjertenes ved Osmundsvåg, ytterst i Ulvesundet, i Vågsøy kommune i Nordfjord. Næraste by er Måløy.

Fyret er eigd av Kystverket Vest, og det er trubadur og tidlegare folkehøgskulelærar Sølvi Helen Hopland som leiger og driv Ulvesund Fyr. Sølvi med familie og venner tek seg av kafédrift og mottaking av gjester.

Fyret vart restaurert sommaren 2003, og opninga for offentleg drift fann stad 8.-10. aug. 2003. Drifta består av utleige, overnatting, servering, kulturellt program og fyrkafé med utstilling og kreative aktivitets-tilbod. Våre mest fotograferte er dei to folkekjære geitene vi har i fyrhagen om sommaren.

Opningstider og spesielle arrangement annonserast undervegs på våre heimesider www.ulvesundfyr.no, i lokalavisa Fjordenes Tidende og evt. andre medier.
Tilgjengelighet
Fyret er lett tilgjengeleg. Det står skilt like før Måløy-brua. Derifrå er det 7 km til fyret. Fylkesvegen går rett forbi, og der er god parkeringsplass. Der er kai tilhøyrande fyret, men den er ikkje så lett å bruke for anna enn småbåtar - og helst når det er flo sjø - då båttrafikken gjer at båtane sler oppetter kaia, og det er grunt ved fjære sjø. Ved allmannakaia ved moloen i Osmundsvåg, kun eitpar kilometer unna, kan ein legge til med mindre bekymring, og spasere til fyret.

Beliggenhet
Beliggenheta er lun og vakker. Dei tre bygningane i tunet er innhylla av ein stor og frodig hage, full av frukt og bær, og med utsikt til Raudeberg, Silda, Stadt og fjordenden. Bølgeskvulp, måkeskrik, fuglekvitter og duren frå båtar som fér forbi er det einaste som forstyrrar stillheta.

Eitt av 4 fyr i Vågsøy Ulvesund Fyr er eitt av fire fyr i Vågsøy. Kråkenes Fyr ligg 40 minutts køyring unna, og Skongenes Fyr ca. 20 min køyring og 1 times gange. Turen til desse fyra kan kombinerast med eit bad på Refvik-sanden. Hendanes Fyr ligg 30 min køyring unna, og kan kombinerast med eit besøk på Kannesteinen og Vågsberget. Ulvesund Fyr samarbeider med bl.a. Reisemål Stryn & Nordfjord, Kråkenes Fyr, Skongsnes Fyr , Vågsberget, Kystkulturlaget i Vågsøy m.m. Vi er også medlem i Fyrhistorisk Forening, og er eit Kystled-fyr.

Fyrkafè

Fyrkafè Kaféen er open kvar dag i sommarsesongen, som er frå 15. juni til 15. august. Ordinær opningstid er 13-18. Fyrfrukost serverast vanlegvis kl. 09, og kan bestillast også av andre enn våre overnattingsgjester. Det hender vi har kveldsope, eller at vi har kulturelle arrangement til andre tider.

Kaféen finn du i dei tre stuene pluss den gamle fyrlykta. I gamlelykta er der kun 7 sitjeplassar - desse er svært populære. Utsikta er fantastisk. Herifrå ser ein rett på den automatiserte fyrlykta nede i fjæresteinane, Sildagapet og havet som opnar seg ved Stadt, og all båttrafikk. Fyrlykta er ein ynda stad for dei kreative - her er det til eikvar tid fargeblyantar, papir, penslar og blyantar, og for ein liten slant kan ein få papir eller plate å male eller teikne på. Oppslagstavle til dikt og bilete finst fleire stader i lokala.

Maten som blir servert, er heimelaga, tradisjonsrik og kreativ. Vi nyttar oss av frukt og bær i den store fyrhagen og serverer det som blir laga av dette - både saft, syltetøy, dessert og bakverk. Dagens fiskefangst kjem på middagsmenyen. Vi har variert kaffe- og te-meny, og har også 6 sortar kaffe og 20 sortar te som vi også sel i lausvekt. I tillegg sel vi gamaldagse drops og godt kaffe-godt i lausvekt.

I tillegg til å ha mat og drikke på menyen, har vi også heimelaga sangar på menyen. Fyrvertinne Sølvi er trubadur med fleire plateutgivelsar bak seg, og kan tilby tonefølge til blåbærpaien. Den mest selde souveniren frå fyret, er CD-en som vart innspelt live på Ulvesund Fyr i 2004.

Vi har musikkinstrumenter og sangbøker som kafégjester kan få benytte til allmenn glede, og arrangerer innimellom musikalske måltid.

Mange av våre gjester tek kaffen med seg ut i fyrhagen, og nyt sola og utsikta. Der finn ein også ei disse, vår hengekøye med havutsikt, og mengder av rips. Ein spasertur opp til overettlykta gir god oversikt og litt trim
.

Kultur
Vi ynskjer at Ulvesund Fyr skal vere ein stad for menneske i alle aldrar og med ulike interesser. Difor har vi satsa vi på kulturelle arrangement av ulik art. Kunstutstilling heile sesongen, kulturprogram, male- og keramikk-verkstad i maskinhuset, intimkonsertar, ungdomskveldar, intimkonsertar, forteljarstunder, pensjonist-dagar, m.m. Utover det vi sjølve inviterer til, kan fyret leigast ut til grupper som ynskjer å ha samlingar her. Vi tek også imot skuleklasser og grupper til kreativ dag på fyret, med eit variert tilbod av aktivitetar inne og ute.

Vi får iblant besøk av kunstnarar innan ulike fag, som har open verkstad, kurs eller utstilling. Keramikk, maling, trearbeid, plantefarging, smykker, såpelaging m.m. er aktuelt. Kunstnarar vi har hatt besøk av, er bla. Kajsa Geelmuyden Kjerr, Anne Berit og Christen Strømsvik, Aina Moldskred, Anne Grethe Aassve, Arne Larsen, Oscar Jansen, Hilde Brunvoll, Kristina Aas, Pamela Dunbar, Marit Utvær, Elsa Norunn Håheim Nydal, Målfrid Hørte, Jan Ole Birkelund m.fl. Kunstnarar som er interesserte i å vere på fyret og lage ting/ha utstilling, kan ta kontakt på mail eller telefon.

Kurs
Vi tilbyr inspirerande aktivitetar for våre gjester – korte seminar, halvdagsturar eller eit kurs over eitpar dagar. Vi hentar inn instruktørar frå forskjellige samanhengar. Aktuelle temaer: Fyrhistorie, fyrsafari, fjelltur, foto, keramikk, maling, tekstil-arbeid, låtskriving, drama m.m.

Av kurs vi har hatt, kan nemnast interiørkurs, matlagingskurs, dramakurs, krabbeteinekurs, acrylmalingskurs, låtskrivingskurs, spele-i-band-kurs, møbeltapetseringskurs, hagestell-kurs, safting og sylting, norsk språk og kultur, julekakebaking, drops-kurs, keramikk m.m. Nokre av desse kursa er korte, andre over ei helg, nokre er lukka overfor ei lita gruppe som har bestilt undervisning i det vi tilbyr, andre kurs annonserast og er opne og tilgjengelege for alle. Vi samlar på kontakter, idéar og forespørslar! Interesserte kan ta kontakt via mail og få beskjed om når ulike kurs finn stad. Overnatting i samband med kurs er fullt mulig.

Den best innarbeidde kursperioden vår for opne kurs er mai/juni.

Utleige/overnatting/mat
Vi leiger ut både til enkeltpersonar og til grupper, og utnyttar facilitetane våre så godt som mulig utifrå gjestene sine ønsker og behov. Her følger våre overnattings-muligheter:

FyretI utgangspunktet har vi 7 rammemadrasser på fyret, samt ekstrasenger som kan plasserast i kjellar og stue. Desse 7 sengane er fordelt på 2(3) rom. Om vi får utnytta romløysinga, og gjestene ønsker å bu tett og vere fleksible, kan vi få plass til eindel. Men om det er snakk om dobbeltrom, er det fullt med 2 par/familier på fyret. Her har vi eitt bad i gangen oppe, med badekar. Nede i gangen er det eitt toalett og eit dusjkabinett. Stuene/kaféen er fellesareale. TV tilgjengeleg. Mange velger å ta med seg eige sengetøy eller lakenpose - og evt. låne våre dyner/puter. Det er tillegg i prisen for å få oppreidd seng. Fyrkjøkkenet er vårt kafékjøkken, bemanna av oss, og såleis utilgjengeleg for våre gjester.

Uthuset Uthuset er ei lita, sjarmerande hytte midt i fyr-tunet, som er i bruk frå sommaren 2008. Her er det eit soveloft med 4 rammemadrasser og plass til ekstrasengar. Nede er det også eit soverom, samt kjøkken og spisestue. Toalett. Perfekt for familie eller gruppe som vil ordne seg med mat sjølve, og framleis bu i fyr-tunet.

NabohusetI tillegg til fyret, har vi Nabohuset. Det går ein liten sti dit frå fyret, og det tar 2 minutt å gå mellom fyret og Nabohuset. I Nabohuset har vi 2 enheter: Hovudetasjen med 3 dobbeltrom, der det eine også kan fungere som eit lite familierom. I tillegg har vi ein koselig sovealkove i stua, med 2 rammemadresser. Eit bad med dusj/badekar og toalett i gangen. Ekstra toalett ned trappa. Stor stue med nydeleg utsikt. Stor, solrik terasse med fantastisk utsikt. Her kan ein køyre heilt til husveggen. Her leiger vi ut rom, eller heile etasjen. Svært velegna for barnefamilier og eldre menneske som vil ha lite bakkar og trapper. I leiligheta i underetasjen er det kjøkkenkrok, stue med mykje lys og utsikt (og TV), soverom med familiekøye og skrivebord, bad med dusj og toalett, bod og entré.

Felles frukost på fyret for alle er i utgangspunktet inkludert i overnattings-prisen.

Gamleskulen Vi kan også gjere oss bruk av gamleskulen, som ligg mellom fyret og fyrvillaen, som ekstralokale, både til flatsengar, samlingslokale, matsal m.m.

Dagstur eller lenger? Ein kan leige seg inn for nokre timar, for eit døgn, ei helg, ei veke eller to, og bestille program, mat, opplegg etc. utifrå våre tilbud. Perfekt plass for blåturar, personalturar, planleggingsmøter, bursdagfeiringar, skuleklasser, folkehøgskulelinjer, kor, konfirmantgrupper, vennegjengar eller friluftsinteresserte. Opplevelsesmulighetene i området er mange og varierte, både på land og hav. Stillheta på fyret er også perfekt for den som treng å trekke seg litt tilbake frå stress og mas, for rekreasjon eller for å vere kreativ. Her er det perfekt for å finne roen. Kunstnarar som ynskjer å trekkje seg tilbake eitpar veker for å skrive, male eller skape ting på andre måtar, vil finne inspirasjon her. Vi legg til rette for dette, og har difor lagt inn strøm i både uthus og maskinhus, kjøpt inn maleutstyr, leire, fargestiftar, musikkinstrument m.m. som også kan brukast av våre gjester.

For båtfolk som lengtar etter å vaske kle, ete god mat og dusje, kan dette vere ein god stad å komme til. Kajakk-padlarar har funne vegen hit, lagt frå seg kajakkane ved naustet, og blitt sitjande i solveggen oppe i fyrtunet i timesvis, etter å ha nytt vår is med lune stikkelsbær frå hagen og ein god, nykverna kaffetår.

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 231 gjester og et medlem på besøk.

  • Ola