MEDLEMMER

Hjelp oss å oppdatera fyra

skjermdump fyreneFyroversikta på nettsida skal no oppdaterast. Det treng me di hjelp til. Send oss innspel og bilde!

Det er viktig for NFHF at alle fyrstasjonane blir presenterte på ein så god måte som mogleg på nettsida. Gå inn på Fyrene og sjekk "ditt" fyr. Er det noko i teksten som bør oppdaterast og utfyllast? Trengst det eit nytt bilde etter oppussing? Send oss gjerne det du har av informasjon og bilde til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.. Me vil svært gjerne òg ha bilde som viser aktivitet på fyret.

God jul og godt nytt fyrår!

Christmas-Lighthouse-For-DownloadsDet nærmar seg jul og eit nytt fyrår. 2015 blir eit innhaldsrikt år med landsmøte og landsmøteseminar i Bodø, meir pengar til kulturminne over Statsbudsjettet, Friluftslivets år og kultuminnedagar i nabolaget.

Landsmøte og landsmøteseminar

I 2015 er det igjen tid for landsmøteseminar i godt samarbeid med Kystverket og Kystverkmusea med tilhøyrande landsmøte for foreininga. Denne gongen er det region Nordland sin tur til å ta imot oss. Dette vil skje i Bodø helga 17.-19. april. Me er i forhandlingar med Skagen Hotell og Landegode fyr. Meir informasjon kjem over nyttår, men hald av helga allereie no!

Bruk nettsida vår!

Mesteparten av informasjonsarbeidet til NFHF skjer via heimesida vår. For å vera ei best mogleg kjelde til god informasjon, er me avhengige av bidrag frå dei engasjerte fyrvennene våre rundt omkring i landet. No skal fyroversikta på nettsida oppdaterast. Dette treng me di hjelp til. Gå inn og sjekk "ditt" fyr. Er det noko i teksten som bør oppdaterast og utfyllast? Trengst det eit nytt bilde? Send oss gjerne det du har av informasjon og bilde til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..
I tillegg håper me at fleire vil nytta seg av forumet vårt. Der kan medlemmer og andre fyrinteresserte diskutera aktuelle saker om fyr og fyrhistorie.

Statsbudsjettet 2015

I forslaget til statsbudsjett som blei lagt fram i oktober såg det mørkt ut for kulturvernet. Det blei mellom anna foreslått eit kutt på 40 millionar i støtte til vaksenopplæring gjennom studieforbunda. Dette blei etter hard mobilisering frå mellom anna Forbundet KYSTEN og Norges Husflidslag reversert. I det nye forslaget blir det i tillegg løyvd 15 millionar meir til Kulturminnefondet. 3 millionar blei også lagt til den totale potten som blir gitt i driftstilskot til frivillige organisasjonar under Klima- og miljødepartementet. NFHF har etter fleire års søknadar ennå ikkje kome inn på denne posten. Me håper dette snart vil snu.
NFHF har dei siste åra søkt og fått løyvd pengar frå posten i Statsbudsjettet som heiter Kystkulturmidlar. I budsjettet for 2015 blei Kystkulturmidlane flytta frå Samferdselsdepartementet og inn under Kystverket sine driftsmidlar. NFHF håper denne flyttinga vil ha ein positiv effekt for oss. Kystverket og Kystverkmusea er som kjent nære samarbeidspartnarar av oss, som har god kjennskap til verksemda vår.

Branntryggleik er viktig

NFHF ønskjer framover å setja førebygging, ansvar og rutinar for branntryggleik på agendaen. 1. oktober blei store delar av Prestøyene fyrstasjon i Brønnøysund totalskadd i brann. Dette er ein tragedie både for eigar og norsk kystkultur, og NFHF vil oppmoda alle våre medlemmer til å vera forsiktige med eld og reiskapar som kan skapa eld. Dei kjære kystkulturminna våre ligg gjerne langt til havs med lite tilgang på vatn. Me har ingen fyr å mista!

Les meir om brannen på Prestøyene her

Nesten 100.000 i momskompensasjon

Ei fin julegåve i år er 97.000 kroner i momskompensasjon fordelt på sentral- og lokalledda i Norsk Fyrhistorisk Foreining. Dei tildelte pengane vil bli betalte ut til lokalledda som søkte snarast. Det var i år berre fire venneforeiningar som søkte om momskompensasjon gjennom oss, og me håper at det til neste år blir mange fleire! Momskompensasjonen er ei kjærkommen ordning for frivillige organisasjonar.

Les meir om momskompensasjonsordninga her

Friluftslivets år

2015 blir det tredje "Friluftslivets år" i Noreg. Tema er "Små turar gir store opplevingar", og kulturminne er i fokus. Kjernen i Friluftsåret blir lokale aktivitetar i regi av ulike organisasjonar, lag og foreiningar, i tillegg til nokre nasjonale markeringar. I 2015 kjem nærmiljøet til å vera eit viktig satsingsområde. Friluftslivet skal vera enkelt og tilgjengeleg, og aktivitetane vil spegla dette. Bli med!

Les meir om Friluftslivets år her

Kulturminnedagane

Temaet for Kulturminnedagane 2015 er klart. Det blir "Nabolag: menneske, kulturminne, historie".
I år blir alle arrangørar oppmoda til å fokusera på sitt eige nabolag med historia, menneska, aktivitetane og dei fysiske kulturminna som finst der. Det å kjenna si heilt lokale historie er viktig både for personleg identitet og lokalsamfunn. I kvardagen gløymer ein fort skattane i nærmiljøet, og Kulturminnedagane skal vera eit høve til å visa dei fram. Kulturminnedagane 2015 blir arrangert 12.-20. september i regi av Kulturvernforbundet.

Les meir om Kulturminnedagane her

Ha ei riktig god jul og eit godt nytt fyrår!

 

Vellukka landsmøte

nett 2Laurdag 5. april var det landsmøte i Norsk Fyrhistorisk Forening. Valet enda med ny leiargruppe.

Tekst: Monica Lindanger

Det var fem representantar for styret og seks medlemmer som møtte til landsmøtet i dei fasjonable lokala til Fortidsminneforeningen i Oslo. Det var mykje engasjement rundt bordet i gjennomgangen av dei ulike sakene, og etter nokre justeringar blei alle sakene godkjende.

Birger Lindanger gjekk av

Birger Lindanger gjekk på landsmøtet ut av styret og av som styreleiar etter tre år. Han har vore med i foreininga sidan oppstarten i 1997, og fekk takk for lang og tru teneste. Mellom anna blei han utnemnd som ridder av den evige natteeld, som gir evig gratis inngang på Lindesnes fyr. Han fekk utdelt diplom av Jo van der Eynden, som er museumsdirektør for kystverkmuseet på Lindesnes.

Leiar av valnemnda, John Evensen, orienterte om arbeidet med å finna ny leiarkandidat, som ikkje har lukkast. Difor stemte landsmøtet for forslaget til valnemnda om ei ny arbeidsform i styret. Tore Berntsen, som er tidlegare nestleiar, Jostein Korsnes og Tormod Steen vil utgjera eit tremannsteam som fordeler leiaroppgåvene seg imellom.
John Evensen blei attvald som leiar av valnemnda, og André Schau blei vald inn som nytt styremedlem i NFHF.

nett landsmKulturvernforbundet informerte

Generalsekretær Jan Solberg i Kulturvernforbundet var innom landsmøtet og orienterte om arbeidet dei gjer som paraplyorganisasjon. NFHF er ei av 21 foreiningar i Kulturvernforbundet. Han fortalde mellom anna om utfordringane med medlemsrekruttering og å få dokumentert reelle medlemstal i dei ulike organisasjonane. Han etterlyste òg meir samarbeid mellom dei ulike organisasjonane.
- Om me hadde vore flinkare å stå saman, ville dette hatt sterkare kraft oppover, sa han.
Solberg fortalde òg om Kulturminnedagane og oppfordra medlemmene i NFHF til å delta på det:
- Kulturminnedagane er ei plattform for å ha kontakt med andre organisasjonar.
Han informerte òg om arbeidet med å få grunnstøtte til foreininga frå Miljøverndepartementet og Samferdelsdepartementet.

 

 

 

 

 

nett 3

Fyr for folket

Brano Beliancin

Alt på seminaret ”Fyr for folket” i 1995 på Tungenes fyr var temaet om privatisering oppe til drøfting. Konklusjonen der var at fyrstasjonane er kulturhistoriske monument som høyrer til oss alle og er vårt alles ansvar.

Publisert 31. juli 2013

Eit tema i valkampen er blitt privatisering eller ikkje privatisering av fyrstasjonar. For Norsk fyrhistorisk foreining har dette alltid vore ei sentral problemstilling. Dette er også nedfelt i vedtektene: å arbeide for at fyrstasjonene blir tilgjengelige for allmennheten, og medvirke til ny bruk av stasjonene, i samsvar med NFHFs formål.

Avvikla fyrstasjonar blei frå gammalt vanlegvis selde til private. Det galdt særleg ”landfaste” fyr til som Høgevarde fyr i 1902, Boknasund fyr i 1912 eller Skudenes fyr i 1924. Dei enda som faste bustadar for lokale, fritidsbustadar eller som Høgevarde – som representasjonsbustad. Nokre av dei som blei selde til private, forfall, nokre blei ombygde til det ugjenkjennelege, medan andre, som Høgevarde, blei pietetsfullt tekne var på. Felles for dei fleste er likevel at dei er utilgjengelege for folk flest.

Den siste mannsalderen er alle norske fyr automatisert og avfolka. Det aktualiserte spørsmålet om kva som skal skje med bygningsmassen. Kring tusenårskiftet og nokre år etter blei det lagt inn sterke føringar for at fyrstasjonane skulle seljast for ein best mogeleg pris. Stasjonar som Obrestad og Kvassheim var i faresona og mellom anna Fyrhistorisk foreining førde ein målretta kamp for å behalda dei for fellesskapet.

Kysten rundt tok lokalbefolkninga ansvar. Bare i vår foreining er det organisert 76 fyr drifta av opp mot 4000 fyrvener. Det kan vera institusjonar, kystlag, turistforeiningar, muséum, kommunar, veneforeiningar og einskildpersonar. Til saman yter dei – i tett dialog med Kystverket som eigar - ein avgjerande dugnadsinnsats. Fyrhistorisk foreining har som formål å leggja tilhøva best mogeleg til rettes for denne nye drifta. Som det mellom anna heiter i vedtektene:

samarbeide med alle ansvarlige instanser og organ om informasjon, tiltak og planer som gagner vern og ny bruk av fyrstasjoner.

● arbeide for at NFHF blir samarbeidspartner og høringsorgan i alle saker som gjelder NFHFs arbeidsområde

● medvirke til et aktivt samarbeid mellom fyrhistorisk interesserte, og mellom disse og ansvarlige instanser og organ

● formidle kunnskap, informasjon og råd om tiltak for vern og ny bruk av fyr og andre sjømerker

● utvikle heimesida fyr.no til et attraktivt møtested for fyrforvaltere og fyrvenner

Etter vår meining er det viktig at fellesskapet ved Kystverket beheld eigarskapet som ein garantist for forsvarleg forvalting og for at ålmenta skal ha tilgang til desse viktige kulturminnesmerka. Det er likevel avgjerande at dei friviljuge får langsiktige og forutseielege rammer. Ikkje minst ligg det her eit ansvar på NFHF å målbera desse utfordringane mot etaten og også arbeida mot politikarane for at etaten får dei nødvendige ressursane.

Slik sett er det særs positivt at det for tiårsperioden 2014 til 2023 er sett av 2,6 milliardar for å ta att vedlikehaldsetterslepet på fyr og andre tekniske innretningar. Ei anna viktig ordning, er momskompensasjonen til våre medlemmar som har kostnadar med vedlikehald og drifting av fyr, ein kompensasjon som nå nærmar seg 100%.

Særs positivt er det også at Kystverket er i ferd med å etablera faste leigetakarsamlingar i alle regionane. Slik legg etaten opp til ein tett dialog med fyrdriftarane.

Alt på seminaret ”Fyr for folket” i 1995 på Tungenes fyr var temaet om privatisering oppe til drøfting. Konklusjonen der var at fyrstasjonaneer kulturhistoriske monument som høyrer til oss alle og er vårt alles ansvar. Som ein viktig lekk i nasjonsbygginga blei dei reiste og drivne av generasjonane før oss.

Lat oss forvalta dei slik at komande generasjonar har tilgang til og kan gleda seg over desse kulturminna som gjorde landet tilgjengeleg. Etter vår meining skjer det best ved at det norske fellesskapet beheld eigarskapet. Tiltaka i seinare tid tyder på at det offentlege i aukande grad tek ansvaret på alvor. Samstundes blir det lagt opp til at fyrvenene får langsiktige og trygge rammer for vernearbeidet. Etter mi meining bør dette vera utfordringa også for komande regjeringar.

Birger Lindanger

leiar i NFHF og ansvarleg redaktør for fyr.no

Pressemelding

 

Landsstyre Slettnes fyr 010913M

 

Denne pressemeldingen ble sendt ut 5. september 2013 i forbindelse med Norsk fyrhistorisk forenings styreseminar på Slettnes fyr:

Fyrene bør fortsatt være felleseie

Fyrstasjonene er kulturminner som tilhører oss alle og er vårt alles ansvar. Det er viktig at fellesskapet ved Kystverket fortsatt beholder eierskapet som en garantist for forsvarlig forvaltning og for at allmennheten skal ha tilgang til disse viktige monumentene.

Fyrene representerer en svært viktig del av kysthistorien vår ved å trygge ferdselen langs den forrevne Norskekysten i mer enn 350 år, uttaler landsstyret for Norsk fyrhistorisk forening (NFHF) i en pressemelding.

De siste årene er NFHF blitt vitne til at fyrene langs hele kyststripa er blitt gjenstand for en dugnadsbølge og en sterk bevaringstrang hos lokalmiljøene. Mange tusen frivillige samles til dugnadsinnsats for å hegne om de kulturhistoriske monumentene. De er videre blitt unike arenaer og møteplasser for lokalbefolkning, kultur og kulturhistorisk formidling, samt for friluftsliv og naturopplevelser.

Norsk fyrhistorisk forening har nedfelt i vedtektene våre å arbeide for at fyrstasjonene blir tilgjengelige for allmennheten, og medvirke til ny bruk av stasjonene. Etter vår mening skjer det best ved at  fellesskapet beholder eierskapet. Erfaringene i den senere tid tyder på at det offentlige v/Kystverket i økende grad tar ansvaret på alvor. Samtidig blir det lagt opp til at fyrvennene får langsiktige og trygge rammer for vernearbeidet. Langsiktige kontrakter er avgjørende for at venneforeninger og andre lokale initiativ skal kunne påta seg oppgavene i samarbeid med staten/Kystverket.

Etter Norsk fyrhistorisk forenings mening bør prinsippet om tilgjengelighet til fyrene for alle, også være utfordringen for kommende regjeringer. NFHF er svært negativ til økt privatisering og utsalg av fyrene, noe de borgerlige partiene både tidligere og i denne valgkampen har uttrykt.  Privatiseres fyrene, stenges folket i stor grad ute fra det som bør være nasjonens felleseie.

Gode eksempler på vellykket statlig og lokalt samarbeid:

Grønningen fyr (Kristiansand kommune, Vest-Agder)

Ryvarden fyr (Sveio kommune, Rogaland)

Slåtterøy fyr (Bømlo kommune, Hordaland)

Ulvesund fyr (Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane)

Runde fyr (Herøy kommune, Møre og Romsdal)

Ulla fyr (Haram kommune, Møre og Romsdal)

Flatøy fyr (Steigen kommune, Nordland)

Slettnes fyr (Gamvik kommune, Finnmark)

Vardø fyr (Vardø kommune, Finnmark)

Hekkingen fyr (Lenvik kommune, Troms)

 

Mye engasjement rundt fyrene

 Birger Lindanger og Tore Berntsen april 2013M

Birger Lindanger (t.v.) og Tore Berntsen skal sammen med resten av styret lose Norsk Fyrhistorisk Forening videre som talerør og representant for det frivillige arbeidet som foregår rundt på fyrene langs norskekysten.

Engasjementet var stort og innspillene mange fra deltakerne under Norsk Fyrhistorisk Forenings landsmøte på Utsira helgen 12.-14. april 2013. Foreningen inviterte sammen med Kystverksmusea og Kystverket til seminar med tema «Formidling», der en lang rekke foredragsholdere fra inn- og utland fortalte om hvordan formidling kunne gjøres på en god måte.

Til landsmøtehelgen kom det representanter fra venneforeninger for fyr og tåkeklokker fra hele Sør-Norge og fra Danmark, og deltakerne kunne følge interessante foredrag med felles overskrift «formidling».

Spenstig på Jæren

Ingunn Haukedal fra Jæren Friluftsråd fortalte om den friske og mangfoldige satsingen rundt Kvassheim fyr. Bente Godheim Eikaas fra Oslo Friluftsråd fortalte levende om det spennende som skjer rundt kunstfyret Steilene fyr, der kunstneren Tony Larssons på sin helt spesielle måte kan inspirere barn og ungdom til kreativ utfoldelse på fyret.

LangveisfarendeM

Majken Ørnbøll og Karl Erik Pedersen kom fra Bovbjerg fyr på Jylland for å fortelle om det store engasjementet som er vokst fram i lokalmiljøet rundt fyret. Eli Ellingsve kunne informere om Frøya kultur- og kompetansesenter, som en stor, lokal sponsor har gitt 50 millioner til og der digital formidling av bl.a. fyrhistorie vil være en av aktivitetene når bygget står ferdig i mai 2014.

Direktør for Kystverksmusea, Jo van der Eynden, kastet søkelys på fyrforsyningsskipet M/S «Gamle Oksøy», og streket under hvor viktig det er å bevare et slikt fartøy som kulturminne for ettertida. Et felles landsmøte gikk inn for å komme med en uttalelse og en henstilling med adresse til Riksantikvaren, Fiskeri- og kystdepartementet, Kystverket og Kystverkmusea om å ta vare på det 51 år gamle skipet på en forsvarlig måte. For øvrig ble det understreket at Norsk Fyrhistorisk Forenings rolle ikke er å kjempe for konkrete fyr, men å ha et overordnet blikk og legge til rette for dialog og samarbeid med naturlige samarbeidspartnere.

Kystverket var representert ved overingeniør Jan Erik Westergaard fra Kystverket Vest i Haugesund og Hilde Andresen fra Kystverket Sørøst i Arendal. Andresen er avdelingsleder ved Senter for eiendom og kystkultur og fortalte at Kystverket per i dag eier 114 fyrstasjoner. 68 av disse er fredet. Det er et vedlikeholdsetterslep på ½ milliard kroner på disse fyrstasjonene. Det arbeides med å lage forvaltningsplaner for fyrene, og eiendomsavdelingen bruker også mye ressurser på å avklare eiendomsforhold rundt fyrbygningene.

Selve landsmøtet

Register og database over fyrlinser og tåkelurer, venneløse fyr, videre utvikling av det gode samarbeidet med Kystverket og Kystverkmusea og enda større aktivitet og nyhetssatsing på foreningens hjemmeside fyr.no, var noen av sakene som kom på dagsorden da NFHFs landsmøte for medlemmer ble avviklet lørdag og søndag.

Etter valget fikk styret følgende sammensetning: Birger Lindanger, Stavanger (leder), Tore Berntsen, Kristiansand (nestleder). Øvrige styremedlemmer: Jostein Korsnes, Kvamsøy, Greta Sollie, Steigen, Tormod Steen, Mo i Rana og Heidi Eikremsvik, Stord. Vara: Berit Johanne Vorpbukt, Hitra og Torstein Johnsrud, Mehamn.

Den nye valgnemnda ser slik ut etter landsmøtet: John Evensen, Honningsvåg, Eli Ellingsve, Trondheim og Asbjørg Dalen, Larvik.

tekst og foto: Heidi Eikremsvik

Programmet for landsmøtet 2013

UtsiraRiksantikvaren

Kystverkmusea, Kystverket og Norsk Fyrhistorisk forening inviterer til Fyrhistorisk seminar på Utsira 12. -14. april, med påfølgende landsmøte.

I år har vi valgt «formidling» som hovedtema, fordi dette er en av hjørnesteinene i kulturminnevernet. God og interessant formidling er viktig når det gjelder å lokke besøkende til fyrene, og kanskje enda viktigere når det gjelder å få dem på flere besøk. Med dette seminaret ønsker vi å vise ulike eksempler på formidling og fremfor alt inspirere hverandre.



Program:

Fredag:

16:15 Avgang – Haugesund Garpeskjærkaien
17:30 Ankomst Utsira/registrering, innlosjering de enkelte bosteder
18:00 Åpning Fyrhistorisk seminar og velkomsttale ved ordfører og arrangører.
18:30 Presentasjojn av kystreise.no v. Kystverkmusea
20:00 Blikjentfest med lapskaus, underholdning
Ca. 21:00 Filmvisning for interesserte ved André Schau i Turistforeningens hytte

Lørdag:

08:00 Frokost de enkelte bosteder
09:00 Fyrhistorisk seminar forts. i Skolen
09:00 Forvaltning og Formidling: Hilde Andresen, Kystverket
09:30 Friluftsfyret Kvassheim og formidlingen der: Ingun Haukedal, Jæren friluftsråd
10:15 Kaffe
10:30 Kunstfyret Bente Godheim Eikaas (Oslofjordens friluftsråd)
11.00 Bovbjerg fyr – Majken Ørnbøll og Karl Erik Pedersen
11:30 Formidlingsprosjekt på Frøya, Eli Ellingsve
11:45 ”MS Gamle Oksøy” Fremtidig status og bruk. Jo van der Eynden informerer og viser filmen fra toktet med fartøyet i 2009.
12:30 Diskusjon
13:00 Lunsj, baguetter i Skolen
14:00 Synfaring på Utsira med lokal guide
17:00 Fyrhistorisk seminar forts. i Skolen
17:00 Vitensenter på Tungenes v. Eirik Gurandsrud
17:30 Formidling på Lindesnes fyr v. Simen L. Pihl

Landsmøte

18:00 Landsmøte i NFHF i Skolen
20:00 Landsmøtefest Dalanaustet, fiskesuppe og reker

Søndag:

08:00 Frokost de enkelte bosteder
09:00 Landsmøtet fortsetter i Skolen
10:30 Kaffe
12:00 Avslutning/oppsummering av seminar og landsmøte
13:00 Lunsj: Komler i Dalanaustet
15:30 Avreise Utsira
16:45 Ankomst Haugesund

Gode fyrvener!

ryvingen vinter Lars Verket 

Så har me lagt bak oss eit spennande, utfordrande og inspirerande år.

Det viste oss at me har eit motivert og arbeidsviljug styre og at me har ein krets av gode, nære og tålmodige vener som ikkje er redde for å trø til når det trengst! Slik kunne det nye medlemsregisteret overleva nokre vanskelege barnesjukdommar. Og då nokon av ukjende årsaker ”hacka” heimesida ikkje bare ein, men to gonger slik at ho låg nede eit par månadar, sto dei på for å skaffa fram ei endå betre og sikrare heimeside. Og skiftet av organisasjonssekretær gav oss ein motiverande og engasjerande brubyggjar ved kontoret i Oslo.

Me har samlast til styreseminar på Utsira og Torungen fyr, me har hatt møte med Kystverket sine distriktskontor i Arendal og Haugesund og delteke i møte med Kystverket i Oslo. Takk til dykk alle som la tilhøva så framifrå til rette for at samlingane skulle bli vellykka. Takk til Kystverksmusea for eit gjevande samarbeid og til vår gode støttespelar og husvert Noregs Kulturvernforbund for all assistanse i året som var! Ein takk også til våre samarbeidspartnarar i prosjektet Kystled og til alle som bidrog til at landsmøtet i Oslo blei så vellykka.

Til sist har me gleda av å opna julegåva: Alle medlemmane våre som søkte, har fått momskompensasjon.

Med det ynskjer eg på vegne av Norsk Fyrhistorisk Foreining alle fyrvener ei fredeleg jul og eit framifrå godt nytt år!

Birger Lindanger

leiar

Foto av Ryvingen fyr: Lars Verket. Klikk på bildet og få panorama :)

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 92 gjester og ingen medlemmer på besøk.