Brano Beliancin
Alnes fyr. Foto: Brano Beliancin.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Alt på seminaret ”Fyr for folket” i 1995 på Tungenes fyr var temaet om privatisering oppe til drøfting. Konklusjonen der var at fyrstasjonane er kulturhistoriske monument som høyrer til oss alle og er vårt alles ansvar.

Eit tema i valkampen er blitt privatisering eller ikkje privatisering av fyrstasjonar. For Norsk fyrhistorisk foreining har dette alltid vore ei sentral problemstilling. Dette er også nedfelt i vedtektene: å arbeide for at fyrstasjonene blir tilgjengelige for allmennheten, og medvirke til ny bruk av stasjonene, i samsvar med NFHFs formål.

Avvikla fyrstasjonar blei frå gammalt vanlegvis selde til private. Det galdt særleg ”landfaste” fyr til som Høgevarde fyr i 1902, Boknasund fyr i 1912 eller Skudenes fyr i 1924. Dei enda som faste bustadar for lokale, fritidsbustadar eller som Høgevarde – som representasjonsbustad. Nokre av dei som blei selde til private, forfall, nokre blei ombygde til det ugjenkjennelege, medan andre, som Høgevarde, blei pietetsfullt tekne var på. Felles for dei fleste er likevel at dei er utilgjengelege for folk flest.

Den siste mannsalderen er alle norske fyr automatisert og avfolka. Det aktualiserte spørsmålet om kva som skal skje med bygningsmassen. Kring tusenårskiftet og nokre år etter blei det lagt inn sterke føringar for at fyrstasjonane skulle seljast for ein best mogeleg pris. Stasjonar som Obrestad og Kvassheim var i faresona og mellom anna Fyrhistorisk foreining førde ein målretta kamp for å behalda dei for fellesskapet.

Kysten rundt tok lokalbefolkninga ansvar. Bare i vår foreining er det organisert 76 fyr drifta av opp mot 4000 fyrvener. Det kan vera institusjonar, kystlag, turistforeiningar, muséum, kommunar, veneforeiningar og einskildpersonar. Til saman yter dei – i tett dialog med Kystverket som eigar – ein avgjerande dugnadsinnsats. Fyrhistorisk foreining har som formål å leggja tilhøva best mogeleg til rettes for denne nye drifta. Som det mellom anna heiter i vedtektene:

samarbeide med alle ansvarlige instanser og organ om informasjon, tiltak og planer som gagner vern og ny bruk av fyrstasjoner.

● arbeide for at NFHF blir samarbeidspartner og høringsorgan i alle saker som gjelder NFHFs arbeidsområde

● medvirke til et aktivt samarbeid mellom fyrhistorisk interesserte, og mellom disse og ansvarlige instanser og organ

● formidle kunnskap, informasjon og råd om tiltak for vern og ny bruk av fyr og andre sjømerker

● utvikle heimesida fyr.no til et attraktivt møtested for fyrforvaltere og fyrvenner

Etter vår meining er det viktig at fellesskapet ved Kystverket beheld eigarskapet som ein garantist for forsvarleg forvalting og for at ålmenta skal ha tilgang til desse viktige kulturminnesmerka. Det er likevel avgjerande at dei friviljuge får langsiktige og forutseielege rammer. Ikkje minst ligg det her eit ansvar på NFHF å målbera desse utfordringane mot etaten og også arbeida mot politikarane for at etaten får dei nødvendige ressursane.

Slik sett er det særs positivt at det for tiårsperioden 2014 til 2023 er sett av 2,6 milliardar for å ta att vedlikehaldsetterslepet på fyr og andre tekniske innretningar. Ei anna viktig ordning, er momskompensasjonen til våre medlemmar som har kostnadar med vedlikehald og drifting av fyr, ein kompensasjon som nå nærmar seg 100%.

Særs positivt er det også at Kystverket er i ferd med å etablera faste leigetakarsamlingar i alle regionane. Slik legg etaten opp til ein tett dialog med fyrdriftarane.

Alt på seminaret ”Fyr for folket” i 1995 på Tungenes fyr var temaet om privatisering oppe til drøfting. Konklusjonen der var at fyrstasjonaneer kulturhistoriske monument som høyrer til oss alle og er vårt alles ansvar. Som ein viktig lekk i nasjonsbygginga blei dei reiste og drivne av generasjonane før oss.

Lat oss forvalta dei slik at komande generasjonar har tilgang til og kan gleda seg over desse kulturminna som gjorde landet tilgjengeleg. Etter vår meining skjer det best ved at det norske fellesskapet beheld eigarskapet. Tiltaka i seinare tid tyder på at det offentlege i aukande grad tek ansvaret på alvor. Samstundes blir det lagt opp til at fyrvenene får langsiktige og trygge rammer for vernearbeidet. Etter mi meining bør dette vera utfordringa også for komande regjeringar.

Birger Lindanger

leiar i NFHF og ansvarleg redaktør for fyr.no