MEDLEMMER

Vellukka landsmøte

nett 2Laurdag 5. april var det landsmøte i Norsk Fyrhistorisk Forening. Valet enda med ny leiargruppe.

Tekst: Monica Lindanger

Det var fem representantar for styret og seks medlemmer som møtte til landsmøtet i dei fasjonable lokala til Fortidsminneforeningen i Oslo. Det var mykje engasjement rundt bordet i gjennomgangen av dei ulike sakene, og etter nokre justeringar blei alle sakene godkjende.

Birger Lindanger gjekk av

Birger Lindanger gjekk på landsmøtet ut av styret og av som styreleiar etter tre år. Han har vore med i foreininga sidan oppstarten i 1997, og fekk takk for lang og tru teneste. Mellom anna blei han utnemnd som ridder av den evige natteeld, som gir evig gratis inngang på Lindesnes fyr. Han fekk utdelt diplom av Jo van der Eynden, som er museumsdirektør for kystverkmuseet på Lindesnes.

Leiar av valnemnda, John Evensen, orienterte om arbeidet med å finna ny leiarkandidat, som ikkje har lukkast. Difor stemte landsmøtet for forslaget til valnemnda om ei ny arbeidsform i styret. Tore Berntsen, som er tidlegare nestleiar, Jostein Korsnes og Tormod Steen vil utgjera eit tremannsteam som fordeler leiaroppgåvene seg imellom.
John Evensen blei attvald som leiar av valnemnda, og André Schau blei vald inn som nytt styremedlem i NFHF.

nett landsmKulturvernforbundet informerte

Generalsekretær Jan Solberg i Kulturvernforbundet var innom landsmøtet og orienterte om arbeidet dei gjer som paraplyorganisasjon. NFHF er ei av 21 foreiningar i Kulturvernforbundet. Han fortalde mellom anna om utfordringane med medlemsrekruttering og å få dokumentert reelle medlemstal i dei ulike organisasjonane. Han etterlyste òg meir samarbeid mellom dei ulike organisasjonane.
- Om me hadde vore flinkare å stå saman, ville dette hatt sterkare kraft oppover, sa han.
Solberg fortalde òg om Kulturminnedagane og oppfordra medlemmene i NFHF til å delta på det:
- Kulturminnedagane er ei plattform for å ha kontakt med andre organisasjonar.
Han informerte òg om arbeidet med å få grunnstøtte til foreininga frå Miljøverndepartementet og Samferdelsdepartementet.

 

 

 

 

 

nett 3

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 88 gjester og ingen medlemmer på besøk.