ryvingen vinter Lars Verket
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.
Vinterbildet er frå Ryvingen fyr. (Foto: Lars Verket) Klikk på bildet og få panorama 🙂

Så har me lagt bak oss eit spennande, utfordrande og inspirerande år.

Det viste oss at me har eit motivert og arbeidsviljug styre og at me har ein krets av gode, nære og tålmodige vener som ikkje er redde for å trø til når det trengst! Slik kunne det nye medlemsregisteret overleva nokre vanskelege barnesjukdommar. Og då nokon av ukjende årsaker ”hacka” heimesida ikkje bare ein, men to gonger slik at ho låg nede eit par månadar, sto dei på for å skaffa fram ei endå betre og sikrare heimeside. Og skiftet av organisasjonssekretær gav oss ein motiverande og engasjerande brubyggjar ved kontoret i Oslo.

Me har samlast til styreseminar på Utsira og Torungen fyr, me har hatt møte med Kystverket sine distriktskontor i Arendal og Haugesund og delteke i møte med Kystverket i Oslo. Takk til dykk alle som la tilhøva så framifrå til rette for at samlingane skulle bli vellykka. Takk til Kystverksmusea for eit gjevande samarbeid og til vår gode støttespelar og husvert Noregs Kulturvernforbund for all assistanse i året som var! Ein takk også til våre samarbeidspartnarar i prosjektet Kystled og til alle som bidrog til at landsmøtet i Oslo blei så vellykka.

Til sist har me gleda av å opna julegåva: Alle medlemmane våre som søkte, har fått momskompensasjon.

Med det ynskjer eg på vegne av Norsk Fyrhistorisk Foreining alle fyrvener ei fredeleg jul og eit framifrå godt nytt år!

Birger Lindanger

leiar