13NOSPriser Steige 4642335a
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Greta V.Sollie t.v. fekk kulturprisen for 2012 i Steigen. Her saman med andre prisvinnarar, frå v. Ole Jacob Aalstad, kona Hege og ordførar Asle Schrøder. Foto: Øyvind A. Olsen, AN Media.

Greta V. Sollie i Steigen fekk i desember Steigen kommunes kulturpris for det store engasjementet sitt i kulturelt arbeid, ikkje minst for Venner av Flatøy fyr.

Prisen er eit flott kunstverk av den lokale kunstnaren Roy O. Johansen og ein sjekk på 5 000 kroner. Sollie sit i dag i styret for vennelaget som har ansvar for vedlikehald og drift av Flatøy fyr. Direktoratet for Naturforvaltning eig fyret.

  – Eg kallar meg sjølv for eit gnagsår. Det er vel enkelte som synest eg masar vel mykje om at ting skal bli gjort, seier ho. Når det gjeld fyret, er dei i dag i den situasjonen at dei ikkje manglar midlar til oppgåvene som ventar. Tvert om har dei pengar på bok. 

– I mitt hovud er det alltid pengar. Det gjeld berre å få tak i dei, seier optimisten Greta. Og det har dei fått til. Lendinga nede ved sjøen trengopprusting. Vegen opp til fyret vil aldri kunne bli god nok til at rullestolbrukarar kan kome seg heilt opp, men dei vil i år leggje forholda til rette slik at folk kan kome seg i land og kose seg ved naustet. Elles skal vennelaget fikse litt på vegen som to kraftige vinterstormar herja med i 2011. Fyrbygningen skal også målast.

Frå heimen hennar i Våg på Engeløya er det ca. 40 min med sjark ut i Vestfjorden til fyret.

– Fyret ligg i eit fantastisk natur- og friluftsområde. Det er veldig viktig for meg at dette må kome alle til gode.

Greta Solli fekk kommunens kulturpris for 2012 for engasjementet sitt i ei rekkje organiasjonar og lag. Steigen historielag, Steigen hagelag, Steigen prestegårdshage og som nemnt som engasjert medlem i styret for Venner av Flatøy fyr.

Norsk fyrhistorisk forening er også så heldige å ha Greta V. Sollie som varamedlem i landsstyret. Vi ser fram til samarbeidet vidare med denne eldsjela og vi gratulerer deg med utmerkinga!

Her er lenke til pristudelinga i Avisa Nordland

Ordførar Asle

Greta Solli pris 2012 2Ordførar Asle Schrøder deler ut godord til Greta Sollie, som har Flatøy fyr som eit av sine hjartebarn. Foto: Øyvind A. Olsen, AN Media.