Vil ha NFHF med på leigetakarsamlingar

Motet med Kystverket feb 2013 2

Kystdirektør Kirsti Slotsvik har teke initiativ til at Norsk Fyrhistorisk Foreining (NFHF) frå no av vil bli kalla inn til alle leigetakarsamlingar som Kystverket har med fyrentusiastar/drivarar av lokale fyrstasjonar.

Dette var ei av fleire hjartesaker som NFHF drøfta med Kystverket Midt-Noreg i Ålesund i samband med landsstyrets styreseminar på Dalsfjorden Fyrmuseum andre helga i februar.

- Møtet med Kystverket var framifrå positivt og konstruktivt, der det ikkje var tvil om at me alle har ein sterk og felles målsetjing: Vern om og formidling av fyrstasjonane våre. I tillegg ei understreking av at dette er eit samfunnsansvar, seier leiar i Norsk Fyrhistorisk Foreining, Birger Lindanger.

Spørsmål frå medlemmer

Som vanleg på møta mellom foreininga og etaten, var medlemmane våre i forkant inviterte til å koma med spørsmål og problemstillingar som dei ynskte me skulle reisa på møtet. Dei som denne gongen kom med innspel, var Gamle Struten Fyr, Venner av Flatøy fyr, Venelaget for Leirvik fyr, Slettnes Kulturhistoriske foreining, Lista Fyr DA og André Schau. Kvar einskild av desse vil få skriftleg svar på spørsmåla sine.  

Det var semje om at Kystverket burde vera eigar av fyrstasjonane, men at veneforeiningar, kommunar og andre skulle kunna leiga dei, men på vernemessig forsvarleg vis. Ei felles utfordring for oss alle var å få opp engasjementet langs kysten for å sikra desse installasjonane som var så avgjerande for den norske nasjonsbygginga.

I møtet var det ei klar og felles oppfatning av kva som var rollefordelinga. Kystverket og musea er begge offentlege etatar: Den fyrste som forvaltar og den andre som vernar, forskar og formidlar. Felles for dei to er at dei som offentlege etatar er underlagt og lojal mot politisk styring.

NFHF i særstilling

Norsk Fyrhistorisk Foreining er på den andre sida mykje meir fristilte og kan på ein heilt annan måte vera politisk aktive, som ein organisasjon av friviljuge. Det blei også drøfta korleis foreininga på heimesida best kunne oppretta eit felles forum der alle som driftar fyr, kan utveksla erfaringar.

Ein viktig møteplass er leigetakarsamlingane. Det blei opplyst at kystverksdirektøren nå ynskte at NFHF for framtida rutinemessig skulle inviterast til desse samlingane. Det vil difor bli endå viktigare at medlemmane våre kjem med innspel av prinsipiell karakter. Desse kan styret i NFHF no ta vidare på dei arenaene vi etter kvart har etablert.

Sikring eit samfunnsansvar

Etter ei drøfting om korleis ein best kunne samspela, la Bjørn Relling fram ein presentasjon av korleis kysten vår ville sett ut utan fyrstasjonane og det ansvaret me som fellesskap har for å sikra dei for komande generasjonar og i respekt for dei generasjonane som reiste dei i ryggtak med havet.

Det var regiondirektør for Kystverket Midt-Noreg, Harald Tronstad, som inviterte Norsk Fyrhistorisk Foreining og Kystverksmusea til møte i Ålesund, same helga som landsstyret i NFHF var samla i Dalsfjord. Med seg hadde han Bjørn Relling, avdelingsleiar Ole Bjørn Moldnes og Cathrine Gregstad. Frå Kystverket sentralt møtte seniorrådgjevar i Kystforvaltingsavdelinga i Kystverket, Ingvild Kragset.

Frå Kystverksmusea møtte avdelingsleiar Frode Pilskog. Sju frå leiinga i Norsk Fyrhistorisk Foreining tok også del i møtet. Desse var Birger Lindanger (leiar), Asbjørg Dalen (nestleiar), Jostein Korsnes, Tore Berntsen, Berit Johanne Vorpbukt, Greta Sollie og Elisabeth Høvås (organisasjonssekretær).

 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 281 gjester og ingen medlemmer på besøk.