Inge Westad HE
Ein hoppande glad Inge Westad over det gledelege vedtaket i Giske kommune. Her saman med dagleg leiar for kafèen ved Alnes fyr, Anja Beate Alnes Aaram (t.v.) og assistent Ida Lervåg. (Foto: Heidi Eikremsvik)
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Stor glede på Alnes! Det er no klart at Giske kommune og Møre & Romsdal fylkeskommune går inn med 6 millionar kroner kvar i det unike kulturbygget i bakken eit steinkast frå Alnes fyr, sørvest av Ålesund.

– Med dette har det offentlege vist at dei tek eigarskap og på denne måten tryggjer formidlinga av det viktige kulturminnet som det freda fyret er, fortel ein oppglødd Inge Westad. Sjølve vedtaket i fylkeskommunen er venta i fylkestinget i haust.

I 25 år har moldensaren engasjert seg i fyrstasjonen på Alnes. Han var ein av krumtappane då det vart starta prosjektgruppe for fyret og det vart pussa opp og ført tilbake til 1930-talet i tid, i tett samarbeid med fylkeskonservator og andre dyktige fagfolk på området. Westad har også vore oppteken av formidlinga av fyrhistoria som ligg i bygningar, tårn, på folkemunne og i skrivne kjelder, og ser det som avgjerande for å nå ut at det er lagt til rette for heilårsdrift på fyret. Arbeidsplassar som er attraktive for yngre krefter som skal føre dette vidare. Ansvarleg for kafèdrifta på Alnes fyr i dag er Anja Beate Alnes Aaram.

– Vi er stolte av å kunne seie at vi har bidratt til fellesskapet i fjor med 100.000 kroner i arbeidsgjevaravgift, og har skapt arbeidsplassar for 70 unge dei siste åra. Westad er likevel tindrande klar på at det er fyret som er hovudattraksjonen. Det er det freda fyret som har vore utgangspunktet for både kafèdrifta og no altså det nye kulturbygget, som er ei arkitektonisk bragd.

Alnes kulturbygg1 mai 2013

Det nye kulturbygget blir liggjande inni bakken eit steinkast frå sjølve fyret. Skisse: Sandbakk & Pettersen Arkitekter AS

Arkitekt Kjell Oscar Pettersen har arbeidd med skissene i fleire år og har kome opp med eit utkast som også Fylkesmannen kan leve med i dette unike landskapet. Bygget er planlagt å stå ferdig våren 2015.

Med vedtaket i Giske kommunestyre for få dagar sidan der kommunen sa seg villig til å stå for 6 million kroner av finansieringa av kulturbygget, vert det dermed også løyst ut 6 millionar kroner i fylkeskulturmidlar til det same bygget. Midlar fykeskommunen lova å gå inn med, dersom kommunen gjorde det same. Giske kommune har også teke på seg å vere byggherre for prosjektet, som er kostnadsrekna til 16,4 millionar 2013-kroner.

Westad har stor tru på at ein også skal lukkast med å få inn dei resterande par millionane gjennom lokalt næringsliv.

– Det er verkeleg ny bruk av fyr Kystverket er med på å bidra til her på Alnes. Regionsjef Harald Tronstad i Kystverket Midt-Norge er medlem i Stiftinga Alnes fyr, som er ei viktig brikke i prosessen. Styreformann i stiftinga er Are Opdahl, og Roar Dyb Sannes og Ellinor Alnes Aaram er medlemmer. Prosjektleiar er Synnøve Ekroll, og Inge Westad er utnemnd til prosjektmedarbeidar i 10 prosent stilling.

– Mi rolle er å liggje i verktøyskrinet og blir brukt når nokon treng meg, spøker Inge Westad. Han synest det blir feil, slik somme gjer, å snu ryggen til og gå sin veg når ein er sliten etter mange års arbeid for ei sak.

Av Heidi Eikremsvik

Alnes kulturbygg2 mai 2013

Dette panoramautsynet vil gjestene i det nye huset kunne få del i. Skisse: Sandbakk & Pettersen Arkitekter AS