Birger Lindanger jun 2013 lys
Birger Lindanger, leiar for landsstyret i Norsk Fyrhistorisk Forening, gler seg over fortente fokuset Riksveg 1 får i Norsk Transportplan.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

I si pressemelding slår kystdirektør Kirsti Slotsvik fast at 80 prosent av alle nordmenn bur mindre enn ei mil frå kysten! Dei bur langs Nordvegen, leia, kommunikasjonslina frå nord til sør som er så viktig at ho har gitt nasjonen og folket der namn!

Medan nasjonane andre stader har fått namn etter landområde: Sverige, Danmark, Russland, Finland, Tyskland osb, har landet vårt fått namn etter ei kommunikasjonsline! Dette fortel mykje om kva som er nasjonens identitet og ryggrad!

Leia har vore Europaveg 1 og Riksveg 1. Til alle tider og framleis i dag går over 80% av all import og eksport på kjøl! Utan utbygginga av fyrstasjonane på 1800-talet var den industrielle revolusjonen snautt tenkeleg i Noreg! Difor er me fullt samde med Slotsvik når ho undrar over at sjøtransport og sjøtrygging ikkje får ein breiare plass i den nasjonale transportplanen.

Gledeleg – og på høg tid – er det difor for tiårsperioden 2014 – 2023 er sett at 19,3 milliardar kroner til å effektivisera sjøtransporten i landet. Og for oss i vår foreining er det særleg viktig å merka oss at 2,6 milliardar er sette av for å ta att vedlikehaldsetterslepet på fyr og andre tekniske innretningar. I løpet av dei siste 30 åra er alle fyrstasjonane automatiserte og avbemanna. Utan kontinuerleg tilsyn, vil eit utfordrande klima raskt starta forfallet. Særleg gjeld dette fyr som ligg vanskeleg til, men som ikkje minst er verdt verneinnsats.

Innan dei rammene som politikarane har gitt, har Kystverket ført ein heroisk kamp for å ta vare på den sentrale delen av norsk kulturarv etaten forvaltar. Me gler oss nå over at rammene er kraftig utvida, og Norsk Fyrhistorisk Foreining vil gjerne vera ein medspelar i dei utfordringane etaten møter i samband med å sikra desse ”kystens stavkyrkjer” og også andre navigasjonshjelpemiddel for komande generasjonar.

Birger Lindanger