Det lokale kulturlivet må tas på alvor

Aposten 18072013 Kult.utredn illu.png

Kulturminister Hadia Tadjik har fått 700 innspill og kommentarer på Kulturutredningen 2014, eller Enger-utvalgets utredning av kulturløftet I og II. Norsk Fyrhistorisk Forening (NFHF) var blant de lokale og nasjonale aktørene som har avgitt uttalelse.

Foreningen ga blant annet uttrykk for glede over at utredningen trekker frem kulturvernsektoren, på lik linje med andre kulturområder. Ikke minst fordi kulturarv og kulturvern er en viktig del av det kulturelle praksisfeltet.

Norsk Fyrhistorisk Forening sa oss også enig "sjefskritiker" Anne Enger, om at det lokale kulturlivet må tas på alvor (Aftenpostens papirutgave 18.7 2013). Eller som det heter i uttalelsen, så "støttar [foreningen] tilrådinga i denne utgreiinga om at det er eit «klart behov for opprustning av den kulturelle grunnmuren», som mellom anna omfattar medlemmane våre".

Anne Enger sier videre i intervjuet i Aftenposten at "den kulturelle grunnmuren er grunnleggende viktig. Det er der vanene skapes [men at mange kommuner] ikke tar kulturen på alvor". Aftenposten trakk fram uttalelser fra åtte aktører "i landets kulturliv", hvorav Norsk Fyrhistorisk Forening var en av de siterte. Felles for alle uttalelsene er at de peker på behovet for satsing på de lokale eller grunnpilarene blant kultur(vern)kreftene.

Her følger utdrag av foreningens uttalelse:

[…] stiller seg bak høyringsuttalen frå Norges kulturvernforbund og er einig i at Kulturutredninga 2014 tar eit vesentleg steg vidare i utviklinga av kultursektoren i Noreg generelt. NFHF meiner det er spesielt viktig at utredninga trekker inn kulturvernsektoren på line med andre kulturområde. Vidare er tydeliggjeringa av kulturomgrepet avgjørande, ved å visa at kulturarv – og med det kulturvernet - er ein del av kjerneverksemda i det kulturelle praksisfeltet. NFHF er også einig i Norges kulturvernforbunds presisering av Kulturløftets manglande fokus på samfunnsinnsatsen til kulturvernorganisasjonane, sidan den mangla ein overgripande mål/middelanalyse. Me støttar også denne tilrådinga i denne utgreiinga om at det er eit «klart behov for opprustning av den kulturelle grunnmuren», som mellom anna omfattar medlemmane våre.

Norsk Fyrhistorisk Forening går inn i det sentrale kystledsamarbeidet og jobbar aktivt for at fyra skal bli tilgjengelege for ålmenta, anten det er som overnattingsstad eller lokale for annan utåtretta verksemd. Dette er eitt konkret uttrykk for kor viktig foreininga meiner samarbeidet mellom kulturvernorganisasjonar, med andre frivillige, med sentrale styresmakter, statlege eigarar og andre er. På denne bakgrunnen er foreininga samd i og støttar Kulturvernforbundets ros av utvalet, som ser utfordringane for dei lokale langsiktige grunnaktivitetane så klart og går så sterkt inn for behovet for eit lokalt kulturløft. Med Kulturutredninga 2014 ligg det nå til rette for at våre aktivitetar får merksemd i kulturpolitikken på line med andre delar av kulturaktivitetane.

Som Kulturvernforbundet er Norsk Fyrhistorisk Forening s formål mellom anna å avhjelpa og legga til rette for den frivillige og uløna verksemda, det som skjer på eller knutt til fyra basert på einskildmenneskes og lokale lags eigne prioriteringar. Foreininga korkje ynskjer eller ventar betaling for innsatsen sin for bevaring av fyra, men er samd i at det statlige rammeverket må legga til rette for slikt frivillig arbeid: Det bør snart koma på plass eit mindre, fast økonomisk bidrag til drifta av kulturvernorganisasjonane, så det framtidige arbeidet kan sikrast og utviklast. Per 2013 er Norsk Fyrhistorisk Forening blant dei som er utan fast statleg driftstilskot. Et slikt tilskot vil difor også være en annerkjenning av arbeidet foreininga gjer for dei statlege eigedommane, som fyra i all hovudsak er. Ei slik støtte vil også bidra til at arbeidet vårt på og for fyra held den høge faglege kvaliteten som det fortener, ein kvalitet som utgreiinga peikar på søkjast. NFHF støttar også både Kulturvernforbundet og understrekninga utgreiinga gjer av behovet for å rydda opp i den statlege ansvarsfordelinga slik at alle kulturvernorganisasjonane får ein fast samarbeidsrelasjon på departementsnivå. Som Kulturvernforbundet seier i høyringsutalen sin, er det eit avgjerande behov for støtte til administrasjonen og leiinga for å løysa ut den faglege kompetansen til kulturvernorganisasjonane og innsatsen i alle delar av landet. "Grunnstøtte og klar departementstilknyting for alle kulturvernorganisasjonane er derfor svært viktig", slik Kulturvernforbundet peikar på.

NFHF rosar utgreiinga og uttalen om at den kulturelle grunnmuren er under press og har eit klart behov for ei opprustning – noko som dessverre også gjeld alt for mange av dei flotte fyrstasjonane våre.Norsk Fyrhistorisk Forening er derfor glad for at Kulturutredninga 2014 så sterkt strekar under dei frivillige kulturvernorganisasjonane si samfunnsrolle og kva dei har å seia for den kulturelle grunnmuren. Dette bør føra til at alle me som utgjer landets kulturvernorganisasjonar får ein mykje meir sentral plass i kulturpolitikken framover, samt blir gjeven statleg grunnstønad slik at me alle kan utvikla og forbetra verksemda vår.

Kulturministeren skal i august legge frem Kulturløftet III. Det blir spennende å se om ministeren har tatt til seg innholdet i uttalelsene eller innspillene fra seminarene, som har vært avholdt i alle fylkene. Hverken bibliotekene, kulturskolene eller det lokale kulturminnevernet tåler flere tap eller lavere økonomisk vekst. Enger fremholder også at det ikke minst er viktig for demokratiet at grunnpilarene i kulturlivet ivaretas. Eller som Enger selv sier så er det "en av forutsetningene for et levende demokrati å ha et levende kulturliv, [slik at vi får] arenaer der vi får brynt oss på hverandre".

 

Illustrasjon: Kulturminnemeldingen NOU: 2014 (forside)
Tekst: Elisabeth Høvås

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 110 gjester og ingen medlemmer på besøk.