Viken og WiikM
Dei har stått på og ikkje gitt opp, Kjell Viken (t.v.) og Arnt Ove Wiik. I sommar har vore første sesong for det nye fyrmuseet. Foto: Kjell Arne Steinsvik
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Avisa Møre-Nytt har vore på Dalsfjord fyrmuseum og sett nærare på den splitter nye storstova for fyrhistorie frå Nordvestlandet. Kjell Viken og Arnt Ove Wiik har vore to av dei ivrigaste pådrivarane.

Sidan 1970-talet er det blitt samla fyrutstyr og fyrhistorisk dokumentasjon om desse viktige kystkulturminna, og i november i fjor kunne ein endeleg opne dørene for ei utstilling der alt var samla på ein stad i nybygget til barne- og ungdomsskulen på Dravlaus, litt aust for Volda. Dalsfjorden og bygdene rundt var svært godt representert då dei norske fyra skulle byggjast.

Svært mange sunnmøringar tok del i nasjonsbygginga på denne måten. Kjell Arne Steinsviks artikkel om det nye museet kan du lese her.