I stova
Slåtterøy fyrs venner har i samband med oppussing av fyrvaktarbustaden søkt å ta omsyn til historia til bustaden. Torleif Meling forklarer her at ein ved val av ny tapet mellom anna har sett etter kva tapet som har skjult seg under den gamle.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Det er i år ti år sidan Slåtterøy fyr vart avfolka og Slåtterøy fyrs venner vart etablert. Formannskapet lét seg imponere over den store dugnadsinnsatsen som er lagt ned i den gamle fyrvaktarbustaden.

tekst og foto: Håvard Hammarstrøm, Bømlonytt

– Kommunen nyttar Slåtterøy fyr i marknadsføring av kommunen, men det er mange som aldri har vore her. Difor er det flott at me denne gongen kunne ta turen hit, sa ordførar Odd Harald Hovland då formannskapet la septembermøtet sitt til Slåtterøy. Her vart lokalpolitikarane tekne imot av Knut Wegner Meling og Torleif Meling som sit i styret for Slåtterøy fyrs venner.

Skapte entusiasme

Knut Wegner Meling takka formannskapet for at dei ville ha møtet på Slåtterøy og ynskte velkommen. Deretter kunne Torleif Meling fortelje om historia til fyret og fyrvaktarbustaden. Støypejernsfyret vart opna i 1859 og var bemanna fram til 2003. Då fyrstasjonen vart avfolka gjekk lokale entusiastar saman og etablerte Venner av Slåtterøy fyr. Målsetjinga var å gjera fyret og fyrvaktarbustaden tilgjengeleg for ålmenta og ta vare på bygningane. Slåtterøy fyrs venner har i dag 179 medlemmer.

Leigeavtale

– Me har eit veldig godt samarbeid med Kystverket i Haugesund. Fyret vart freda i 1999 og me har også eit veldig godt samarbeid med fylkeskonservatoren. Alle endringar skal godkjennast der, sa han. Slåtterøy fyrs venner leiger fyrvaktarbustaden mot at venneforeininga sørgjer for vedlikehald.

Kystverket har framleis ansvar for vedlikehald av sjølve fyret, men venneforeininga har nøkkel og høve til omsyning i tårnet. I løpet av dei ti åra som har gått sidan 2003 har Slåtterøy fyrs venner sørgd for å gjennomføre ei omfattande oppussing av første høgda i fyrvaktarbustaden. Det er kjøpt inn flotte brukte men ærverdige møblar. Fyrstasjonen blir no leigd ut til dei som ynskjer det. Og det skjer med jamne mellomrom.

Britisk og fransk

Sjølve fyret stod altså ferdig i 1859. Det var det fjerde i ein serie på 40 fyrtårn som vart bygde langs norskekysten. Dei som designa støypejernsfyrene henta inspirasjon under ein studietur i England. Fyret vart støypt på Bærums Verk. Linsene som står i tårnet i dag er franske. Dei vart laga i Paris og sette inn i 1901. Det året vart lyktehuset bygt om.

I lykta

Den franske linsa i tårnet er eit klenodium. Ordførar Odd Harald Hovland (Ap) tek linsa nærmare i augnesyn saman med Sammy Olsen (Sp), Solfrid Sønstabø Stavland (H) og guide Torleif Meling.

– Linsene i tårnet er eit gigantisk klenodium. I dag finst det knapt maken i heile verda, og Kystverket har synt stor velvilje i det å halde på linsene og rotasjonen i fyret, seier Torleif Meling. Håpet er at det i mange år framover skal vera mogeleg å sjå det karakteristiske «2 lynblink hvert 30. sekund. Hvitt rundlysende».

Noregs kraftigaste

Frå starten i 1859 budde fyrvaktarane med familiane sine ute på Slåtterøy. På det meste budde tre familiar på øya. I 1958 vart det slutt på denne ordninga. Dette året vart fyret elektrifisert. Frå då av var fyret på Slåtterøy det kraftigaste i Noreg med ei lysvidde på 18,5 nautiske mil. Rundt 1990 vart fyret automatisert.

I 2003 reiste også fyrvaktaren frå Slåtterøy for siste gong. I 2009 vart det feira at Slåtterøy fyr var 150 år. I den samanheng vart det gjeve ut eit jubileumshefte som fortel historia om fyret og fyrstasjonen. Her kan ein lesa om fyrmeistrane, og ikkje minst har Karl Gloppen skrive den spennande krigshistoria. Han fortel om både flyåtak og åtak frå skip mot fyret. Ein kan sjå granatskadar på tårnet og linsa den dag i dag.

Oppe i tårnet

Før møtet fekk formannskapet servert god fiskesuppe laga av kokk Robert Halleraker. I ei pause i møtet fekk politikarane og representantane frå kommuneadministrasjonen også omsyning i området rundt fyret.

Dei som ville fekk ta turen heilt opp i fyrtårnet. Dei fekk gå rundt linsa, og ut på plattforma utvendig. Dei aller tøffaste, deriblant ordføraren, tok seg heilt opp på øvste plattform utvendig. Utsikta frå det 25 meter høge tårnet er upåklageleg, og akkurat då synfaringa gjekk føre seg var det heldigvis sol og lite vind. Men det har ikkje alltid vore finvêr her ute. I uvêrsperiodar vinterstid kunne fyrvaktarfamiliane vera heilt isolerte på Slåtterøy.

Me får håpe dei 11 sjukepleiarane som kjem frå Haukeland sjukehus for å ha kurs her ute i neste veke slepp å oppleva det.

Kjelde: «Slåtterøy fyr 1859-2009».

Taarnet Slaatteroy

Støypejernsfyret vart opna i 1859 og var bemanna fram til 2003. Då fyrstasjonen vart avfolka gjekk lokale entusiastar saman og etablerte Venner av Slåtterøy fyr.