Grip fyr 1 Heidi Eikremsvik
Det er svært risikabelt å gå ut av fyrtårnet på Bratthårskollen. Å bli stengt ute er endå verre. Alle foto: Heidi Eikremsvik
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Kvinna på fyret..

Fyrfolk var som regel menn. Kvinneleg fyrbemanning var det få av på norske fyr. På Grip fyr vest av Kristiansund flytta det ein gong inn ei kvinne. Dei to som var på post hadde nemleg funne ut at dei ville skaffe seg ei ”kokke”. Dette gjekk bra ei stund, men så vart mennene usamde om eit eller anna. Brygga det opp til hanekamp?

Frå gluggen i tårnet kunne ho sjå dei to springe etter kvarandre på holmen. Dei truga kvarandre med kniv og sprang rundt fyret. Så smatt den eine opp leideren og stengde døra.

Flagget som varsla krise på fyret, vart heist. Slik fekk dei hjelp frå folk i fiskeværet Grip like sørvest for Grip fyr, som tok hand om han som var stengd ute.

Då fyrinspektøren kom utover, gjorde han kort prosess. Han slo fast at regelverket ikkje gav rom for slike krumspring. Begge fyrarbeidarane vart oppsagde. Kokka vart send i land. Det spontane eksperimentet med kvinnfolk på fyret gjekk ikkje så bra.

(Frå boka «Fyrfolk», Selja forlag 2006)

 

Svein Jarle Viken Heidi Eikremsvik

Det er Svein Jarle Viken som har fanga opp historia. Han har sjølv vore stasjonert på "fengselsfyret" Grip i fem år.

Grip fyr 2 Heidi Eikremsvik

Dei som var inne, våga ikkje å opne døra for den illsinte kollegaen, og folk i fiskeværet Grip vart bedne om hente han.