Ryger og hordar stiller ut på fyret

Ryvarden kunstutstilling 2013

Under tittelen "Møte mellom Ryger og Horder" stiller 16 kunstnarar frå Haugalandet og Sunnhordland ut sine arbeid på Ryvarden Kulturfyr.

Fyret ligg på grensa mellom Rogaland og Hordaland, der forfedrane rygene og hordane slo seg ned i si tid.

3. november vert ustillinga opna og vil innehalde  eit breitt spekter av teknikkar som grafikk, maleri og keramikk.

Følgjande kunstnarar stiller ut: Per Flatøy, Anders Kjellesvik, Erlend Briggar Larsen, Johan Ask Vikse, Liv Sørvaag, Torild Inger Børretzen, Ivar Rudi, Vegard Vandvik, Billy Roy Økland, Line Osmundsen, Brian Wallace, Kjell Rameckers, Herman Mbamba, Hennie Ann Isdahl, Harald M. Antonsen og Karl Jensen. Ingebjørg Andrea Vik held ein minikonsert under opninga av utstillinga.

Det populær kulturfyret i Sveio kommune har tusenvis av gjester gjennom sesongen. I november og fram mot jul tilbyr fyret ei særprega julestemning, i ein varm og inkluderande atmosfære, skriv Sveio kommune på nettsida. 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 153 gjester og ingen medlemmer på besøk.