Oselvar
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Kjell Magnus Økland skriv bok om Oselvarens historie, og spør i forumet vårt om det er nokon som har informasjon om restriksjonar rundt ferdsle på sjøen og sløkkinga av fyr under 2. verdskrig. Kanskje du kan hjelpe?

Her er spørsmåla frå Økland:

Hei, eg forfattar av ei bok om Oselvarens historie. I eine kapittelet skriv eg om korleis Oselvaren vert påverka/påverkar hendingar under andre verdskrigen. Eit vesentleg poeng å få fram er korleis fjordane endra seg. Før krigen var fjordane ein arena for fiske, friluftsliv og sport i form av kapproing og kappseglas. Under krigen kom det minefelt, kystfort med kanonstillingar, patruljebåtar og flyovervaking. Ikkje minst vart óg fyra eit verkty i krigen.

Eg har forstått det slik at det vart innført nokre restriksjonar på ferdsle til sjøs etter solnedgang og at fyra i stor grad var sløkte. Spørsmåla mine er om det er nokon som har skrive noko rundt dette? Er det nokon som kjenner til eit forbod (sperresone) rundt Bergen som vart innført i 1941?

Takksam for alle tips!

Helsing
Kjell Magnus Økland

I forumet ligg meir kontaktinformasjon.