Staten gir 284.000 til Langøytangen

LangoytangenRiksantikvaren284.000 kroner er motteke i statleg stønad til vedlikehald og reparasjonar på Langøytangen Fyrstasjonsområde.

Monica Lindanger

Beløpet skal mellom anna dekkje utgifter til skifte av tak på sjøbua, installering av straum i sjøbua, lyssetjing av stig frå brygga til fyrstasjonen, graving av vassleidningar og å leggje av sommarvatn til alle bygga.

Kystledhytte

Det er no gått meir enn åtte år sidan Fylkesmannen leia prosjektet med istandsetjing av fyrmeisterbustad til kystledhytta som Langesundsfjorden Kystlag har drifta, og som er open og tilgjengeleg for alle. Samstundes vart det inngått langsiktige leigeavtalar med Grenland Dykkeklubb og Grenland Havn om drift og vedlikehald av dei andre bygga på fyret. Grenland Havn fekk mellom anna ansvaret for bryggjeanlegget til fyrstasjonsområdet.

Mange timar dugnad

Svært mange timar har vore utførte som dugnadsarbeid av leigetakarane der ute for å få nytt liv til fyrstasjonsområdet. Det at dei i år har fått innvilga 284.000 kroner til å halde bygningane i stand og få i gang nye tiltak, er eit prov på at Staten ved Miljødirektoratet som huseigar verdset det arbeidet som til no har vore utført på fyret. Langøya med fyrstasjonsområdet får med dette eit stort lyft. Ein kan rekne med at det frå neste sesong blir enda betre moglegheiter til å oppleve kystkultur, natur og kultur i havgapet. Fyrstasjonsområdet inngår i Skjærgårdsparken Telemark og er næraste nabo til Langøya landskapsvernområde.

 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 102 gjester og ingen medlemmer på besøk.