Fyret farlegare enn folk anar?

oddbjorg remoy m fl mm

Lokalkjende turfolk meiner Turistforeninga tek for lett på informasjonen om farene rundt Runde fyr i uvêr. Dette kjem fram i ein artikkel i Sunnmørsposten 25. november, der blant andre Oddbjørg Remøy reagerer på at DNT oppfordrar folk til å dra til fyret i dårleg vêr.

Heidi Eikremsvik

Remøy er dugnadsansvarleg for Runde fyr, som dei siste ti åra har vore turisthytte i regi av Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Også siste fyrmeisteren på Runde fyr, Arne Velsvik, er i Sunnmørsposten skeptisk til å lokke folk ut på fyret i dårleg vêr. Torill Myrens artikkel kan du lese her og der.

Linda Flem, dagleg leiar i Ålesund-Sunnmøre Turistforening, seier til fyr. no at ho ikkje vil gå så langt og be folk om ikkje å gå over fjellet til fyret i kuling eller storm.

- Folk må bruke sunn fornuft, anten dei er i fjellet eller ute ved kysten. Her gjeld same regelen om å snu dersom det er naudsynt. Flem synest ein ikkje skal detaljstyre turgåarane, men oppmode dei til å bruke hovudet.

Dei som kontaktar ÅST før dei reiser til fyret, får informasjon om vêrforholda i området. Ho legg til at i artikkelen som har vekt reaksjonar om stormhytter på ut.no, er no setninga om vêret rundt fyret blitt utheva.

Linda Flem m

- No som DNT har trekt ut mot Norskekysten og teke i bruk stadig fleire fyr som turisthytter - er tida inne for å innføre  fleire fjellvitreglar som går på dei spesielle vêrforholda langs kysten?

- Det er jo ein interessant tanke, men eg kjenner ikkje til om dette har vore tema i DNT. Eg vil gjerne legge til at Den norske turistforening har stort fokus på tryggleik i sitt arbeid, seier Flem.

Fyr.no har prøvd å få tak i generalsekretær i DNT, Nils Øveraas og ass. generalsekretær Anne Mari Aamelfot, men ingen var tilgjengelege for kommentarar i dag.

Også i 2011 har uvêrsdagar på Runde fyr vore tema i Sunnmørsposten. Her kan du lese artikkelen frå 2011.

 

 

 

 

Villsjo Orjan Baugsto

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 108 gjester og ingen medlemmer på besøk.