Forbundet kysten2
Ikkje vanskeleg å få auge på entusiasmen hos kystlagsmedlemmene. Her frå eit landsstemne i Forbundet Kysten.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Vern gjennom bruk er kongstanken for kystfrendene våre, Forbundet Kysten, som i desse dagar presenterer ein flott film om arbeidet sitt. Eit forbund som jobbar rundt 160.000 dugnadstimar i året gjennom dei 125 kystlaga.

Heidi Eikremsvik

Å halde liv i gamle handverkstradisjonar og å bevare gamle fartøy og motorar er ei viktig drivkraft, kjem det fram i filmen.

I dag har kystlaga i Noreg hand om 450 gamle båtar og 400 motorar. Eit viktig mål er også å ta vare på levande miljø som hegnar om kunnskapen som ligg i kystkulturen, seier informasjonsrådgivar Tuva Løkse.

I Norsk Fyrhistorisk Forening kjenner vi oss veldig i slekt med Forbundet Kysten og deira ønskje om å verne om kulturminna i kystkulturen vår. Stå på vidare og gratulerer med fin PR-film!

Sjå filmen HER