God jul 2013 lj
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

 

Nå når det går mot jul og eit nytt år, kan me summera opp at 2013 i fyrhistorisk samanheng har lagt eit godt grunnlag for året som kjem. Me har mellom anna fått eit skifte i sekretariatet, der Elisabeth har teke avskil, medan Monica er tilsett som ny organisasjonskonsulent. Ein stor takk til ei alltid entusiastisk Elisabeth og eit velkommen og lukke til til Monica. Imponerande nok laut ho konkurrera med 58 andre søkjarar.

I året som var, har me som vanleg besøkt ulike delar av Fyr-Noreg: Landsmøtet i haust fann stad på Utsira, styreseminaret i vinter blei arrangert i Dalsfjord på Sunnmøre, medan sommarmøtet blei halde på Slettnes i Finnmark attåt eit par styremøte i Oslo. Takk til dykk alle som la tilhøva så framifrå til rette for at samlingane skulle bli vellykka. Me har også vore representerte ved høyringar i Stortingets transportkomité og teke del i Kystled-samarbeidet.

Vidare har me delteke på leigetakarsamlingane, me har hatt møte med kystverket i Midt-Noreg og Troms-Finnmark og mellom anna arbeidd for rehabilitering av linser og tåkesignal og generelt for ny bruk og formidlinga av fyra.

Ein stor takk til Kystverksmusea for eit gjevande samarbeid og til vår gode støttespelar og husvert Noregs Kulturvernforbund for all assistanse i året som var! Ein takk også til våre samarbeidspartnarar i prosjektet Kystled og spesielt til Kystverksmuseet sitt tunge bidrag til at landsmøtet på Utsira blei så vellykka.

Styret ønskjer at heimesida vår, www.fyr.no, skal vera møtestaden for vennelaga våre og alle som er interesserte i å ta vare på fyra. Her kan du lesa nytt frå dei andre laga og du kan senda inn tekst og bilde frå ditt lag. I forumet vårt kan du utveksla erfaringar og koma med spørsmål. Praktisk info om søking av midlar og om å søkje momskompensasjon finn du også på heimesida, og du kan orientera deg i kalenderen vår om viktige arrangement rundt om i Noreg på kulturfeltet. Hugs å melda inn ditt arrangement også!

Me tek mål av oss til å målbera alle driftarane av fyrstasjonar og vil oppmoda om at de alle sender inn rapportar til oss om kva som skjer på fyrstasjonane. Det vil setja oss betre i stand til vera den serviceinstansen som me er meinte å vera. Eit særleg fokus hjå oss vil i året som kjem liggja på dei venelause fyra – send gjerne inn tips til oss om dette.

Me ynskjer å vera ein møteplass og ein reiskap for alle fyrvener – bruk oss!

Med det ynskjer eg på vegne av Norsk Fyrhistorisk Foreining alle fyrvener ei fredeleg jul og eit framifrå godt nytt år!

 

Birger Lindanger

leiar