Henny Stokseth mars 2013 m
Fotografi er ein kjær hobby for meg, seier Henny Elisabeth Stokseth, som vann ein norsk fotopris med dette bildet. Klikk for større bilde.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Henny Stokseth vann den norske delen av fotokonkurransen Wiki Loves Monuments i desember med dette magiske fotoet av Alnes fyr ved Ålesund. – Eg har tusenvis av bilde frå Alnes. Det er eit heilt spesielt lys der ute som stadig skiftar.

Heidi Eikremsvik

– Kulturminna er veldig viktige for meg. Eg prøver å fotografere dei og samstundes lærer eg noko om dei, seier ho til fyr.no.

Stokseth har vakse opp i Gjerdsvika i Sande kommune med utsikt til Svinøy fyr, så å sjå fyr og fotografere dei er viktig for henne. Dei viser lei for alle som ferdast på sjøen.

I midten av desember var det prisutdeling i Oslo, melder Sunnmørsposten, og ho fekk tildelt eit diplom, eit gåvekort og ei bok frå Riksantikvaren.

Bildet frå Alnes vart tatt i mars i 2013. Ho visste då at det var meldt nordlys, og sidan det er lite lysforureining ute ved fyret, er dette eit flott utgangspunkt for fotografering.

Henny Stokseth

Fyr og fyrlykter er eitt av favorittmotiva til Henny Stokseth frå Gjerdsvika på Sunnmøre.