Lykta Alnes fyr art
Lykta på Alnes fyr. Foto: Heidi Eikremsvik.
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Vi noterer med glede at mange fyr er med i høyringsutkastet til Regional delplan for kulturminne av nasjonal og regional verdi som i desse dagar vert sendt ut i Møre og Romsdal. Høyringsfrist er 3. april.

Heidi Eikremsvik

Hovudføremålet med planen er å utvikle strategiar for forvaltning, formidling og bruk av kulturarven i Møre og Romsdal som flest mogleg er samde om.

Dette skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på nettsida. Delplanen har fokus på tema som fylkeskommunen, kommunane, statlege og friviljuge aktørar på regionalt nivå har verkemiddel til å gjere noko med.  Ein har også forslag til forbetringar i samarbeid og samhandling med statlege instansar.

Ein rask gjennomgang av lista viser at 18 av fyra i Møre og Romsdal er komne med og Norsk Fyrhistorisk Forening oppmodar alle kystkulturentusiastar om å halde trykket oppe når det gjeld å setje fokus på desse viktige kulturminna i kystkulturen vår.