styremiddag
Koseleg middag på fredagskvelden. Frå venstre: John Evensen (observatør, valkomiteen), Jostein Korsnes, Birger Lindanger, Jo van der Eynden (direktør ved Lindesnes Fyrmuseum), Berit Johanne Vorpbukt, Greta V. Sollie, Heidi Eikremsvik og Tore Berntsen. (Foto: Monica Lindanger)
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Helga 14.-16. februar hadde Norsk Fyrhistorisk Forening styreseminar på Lindesnes fyr. Der hadde me møte med Kystverkmusea, lunsj med fyrvenner frå sørlandsområdet, omvising og servering av stormsuppe, blank bacalao og kompostkake.

Tekst: Monica Lindanger

I vaskeekte fyrvêr kom me til Lindesnes fyr på fredag ettermiddag. Det blei eit kort styremøte i ferieleilegheita, før me åt god middag, mens vinden ruska i takmønet.

Laurdagen var det tett program. Me blei først servert herleg frukost i fyrmeisterbustaden av Siri Mathisen, som mellom tusen andre prosjekt bakar sitt eige fyrbrød med tang og sjøvatn.

Konkrete prosjekt

Me fekk omvising i utstillinga «Riksvei 1» av museumsdirektør Jo van der Eynden og kurator Simen Lunøe Pihl. Utstillinga handlar om den historiske og samfunnsmessige betydninga til den maritime infrastrukturen langs norskekysten, med navigasjonshjelpemiddel som fyr og sjømerke,

phoca thumb l img 5597

Fyrvennene Kjell Røste Fossen og Berit Johanne Vorpbukt utveksler erfaring. (Foto: Monica Lindanger)

sjøkart, hamneutbygging, losteneste, redningsteneste og vêrvarsling. 

Etterpå fekk me oppleva den flotte fjellhallen, medan Simen og Jo demonstrerte prosjektet Kystreise.no, som er dokumentasjon av kulturminne på kysten, der foto, tekst og levande bilde blir knytte til geografiske posisjonar.

Etter dette hadde me eit produktivt møte med Simen og Jo om samarbeidet mellom NFHF, Kystverket og Kystverkmusea, som me håpar kan bli ennå tettare i framtida. Me kom fram til fleire konkrete prosjekt me vil samarbeida om. Mellom anna vil me få til eit fotoprosjekt, der me leitar fram gode historiske fyrbilde me kan publisera på nett. I tillegg vil me starta opp eit nytt skriftleg prosjekt. Målet er å produsera ei bok tilsvarande dei tidlegare årbøkene.

Stormsuppe og kompostkake

Til lunsj hadde me invitert fyrvenner frå rundt omkring på Sørlandet. Dei kom frå Lista fyr, Odderøya fyr og Søre Katland fyr.

I restauranten Fyrgryta blei me servert stormsuppe, noko som stod godt i stil til vêret. Etter god mat og fyrsnakk fekk alle omvising i utstillinga «Neset», som handlar om historia til Lindesnes fyr, «Palatia», som er ei minneutstilling om Palatiatragedien og «Overlevende», som er ei fotoutstilling med bilde og historier om menneske som har overlevd krig og

phoca thumb l img 5646

Litt ruskevêr stoppar ikkje ekte fyrvenner. (Foto: Monica Lindanger)

fangenskap.

Så var det sjølve toppen av kransekaka; omvising i fyrtårnet. Det var ei flott oppleving.

Til middag på kvelden fekk me servert blank bacalao og «kompostkake» til dessert. Sistnemnde er også eit av dei mange kreative prosjekta til Siri.

Svært vellykka

Søndag formiddag avslutta me seminaret med styremøte. Saker som blei drøfta var mellom anna produksjon av presentasjonsbrosjyre, «oppskrift» på å starta vennelag på heimesida, samarbeid med historielag og DIS-Norge (Slekt og Data) om slektshistorie for fyrfolk, registrering av fyr som står utan venneforeining og venneforeiningar som ikkje er medlem hos NFHF.

Alle var einige om at styreseminaret hadde vore svært vellykka, mellom anna med god hjelp frå engasjerte arrangørar på Lindesnes fyr. Særleg viktig var det at det blei blinka ut konkrete oppgåver og at me hadde ein god dialog med Kystverksmusea.