Vil du driva Hellisøy fyr?

Fedje kommuHellisøy fyr foto Frokor CC BY-SA 3 nettne i Hordaland søkjer etter drivarar til Hellisøy fyr. Her ligg det store moglegheiter for deg som vil utvikla ditt eige konsept for fyrturisme, ifølgje kommunen.

Kommunen søkjer på nettsida si etter nokon som er sjøkyndige, pålitelege og serviceinnstilte til å ta over drifta av Hellisøy fyr. Utlysinga gjeld for eitt prøveår, med moglegheit for forlenging.

Det vert stilla visse kriterium til drifta av fyret:
• Vertskapet er ansvarleg for henting og bringing av gjester med båt til og frå Hellisøy.
• Allmenta må i delar av året kunne nytta heile området, inkludert fyrvaktarbustaden.
• Kystverket har rett til å disponera fyrvaktarbustaden når dei utførar arbeid på fyret.
• Vertskapet er forplikta til å halde fyret ope i sommarsesongen og bør vera tilgjengeleg for gjestar det meste av året elles.

Fyrstasjonen består av fyrtårn (frå 1855) og fyrvaktarbustad med kjøken, toalett, stove og ti sengeplassar. I tillegg finn ein her eit maskinhus og eit naust, samt gamle fundament og hustuftar. Fyrvaktarbustaden er i god stand og det vart i 2011 investert i gode senger.

Klikk her for meir informasjon og ta kontakt med kommunen innan 27. mars.

 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 82 gjester og ingen medlemmer på besøk.