Svinøy trua med riving

Helikopter til SvinoyFylkesmannen i Møre og Romsdal har for andre gong avvist søknaden om turisttrafikk med helikopter til Svinøy fyr. Kystverket truar no med å rive husa på øya.

Svinøy fyr kan i praksis berre nåast med helikopter. Det er eventselskapet 62 grader Nord som har disponert bygningane på Svinøya etter at Svinøy fyr vart avfolka i 2005. Øya vart bygd opp som eit eksklusivt og eksotiske reisemål for ei lita, men betalingsvillig målgruppe. Gjestene vart frakta ut med helikopter, og det var snakk om fire til åtte turar i året - inkludert flyging til vedlikehaldsoppdrag.
Marius Petersen, direktør i 62 grader Nord, seier at Svinøya er eit reiselivsmål dei gjerne vil selje. Det er i tilfelle snakk om ei handfull helikopterturar med nokre få grupper i året. Dei klagar difor på avslaget frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, skriv Sunnmørsposten.

– Uheldig påverknad

Svinøya er naturreservat, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har også tidlegare stoppa helikoptertrafikken. Det vart klaga på, og i vår sa Miljøverndepartementet at dei meinte ein måtte kunne vurdere ein dispensasjon ut frå verneforskriftene paragraf sju. Fylkesmannen kom no med ei ny vurdering, og held fast på sitt nei. Fylkesmannen grunngjev
avslaget med verneforskriftene og omsynet til sjøfugl.

Rivingssøknaden er utfylt

Kystverket klagar til Miljøverndepartementet. Etaten har ikkje kapasitet til å vedlikehalde bygningane sjølve. Det betyr at husa kan bli rivne.
– Rivingssøknaden er utfylt og ligg her på bordet mitt, seier regiondirektør i Kystverket Harald Tronstad til smp.no.
Dei håper på eit anna svar frå Miljøverndepartementet enn det som no har kome frå Fylkesmannen. Kystverket meiner at dersom Fylkesmannen skal gå inn og i praksis stanse etterbruk av Svinøy fyr, må dette baserast på nye, konkrete haldepunkt om forholda på Svinøya «og ikke antagelser om fuglebestanden generelt», heiter det i klagen til Miljøverndepartementet.

 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 282 gjester og ingen medlemmer på besøk.