Tur langs Jærkysten

Aivazovskij13. mai inviterer Hå gamle prestegard til busstur langs Jærkysten frå Ogna til Orre.

Tekst: Elisabeth Søyland

Jærkysten er ei farleg kyststripe for skipstrafikken. Mange skip har stranda her og mange hus på Jæren har byggemateriale frå forliste skip. Snorre Sturlasson advarer sjøfararar om denne kyststrekninga allereie på 1200-talet. Eit av dei største forlisa me veit om er fullriggaren "Ingermansland" som gjekk på grunn utafor sørlandet i 1842. Vraket dreiv vestover og sank utanfor Haarr.

På turen får me mellom anna sjå kapteinsbåten Giggen som dreiv i land og som har fått eit eige museum på Kvassheim fyr. Guidar på turen er Anders Haver og Jan Wiig. Dei er levande opptekne av kyststripa langs Jæren, og veit det meste som er å fortelja om dei dramatiske forlisa og redningsaksjonane som har skjedd her opp gjennom åra. Dei siste åra har fleire nye vrak kome fram på strendene. Eit av dei får me sjå på turen.

Kysterosjonsprosjektet ved Stavanger maritime museum

Med på turen er og Bitten Bakke som er avdelingsdirektør ved Stavanger maritime museum. Ho vil fortelja om kva som skjer med vrak og strender på grunn av ekstremværet vi har hatt dei siste åra og arbeidet dei gjer gjennom Kysterosjonsprosjektet ved museet. På Hå gamle prestegard blir det lunsj med stormsuppe på menyen. Under lunsjen vil skodespelar Frank Robert Andreassen fortelja sin versjon om forlis og redningshistorie i ord og tonar.

Bussen går frå parkeringsplassen på Hå gamle prestegard kl. 10 og er tilbake same stad ca. kl. 16. Pris kr 475,- for busstur, føredrag og god lunsj på Hå gamle prestegard.

Påmelding: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller 517 91 660. Begrensa med plass så ikkje vent for lenge med å melda deg på.

 

Elisabeth Søyland er ansvarlig for formidling og markedsføring for Hå gamle presegard og Obrestad fyr.

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 122 gjester og ingen medlemmer på besøk.