Skifta dieseltankar på Storholmen

storholmenDenne veka har mannskap på Kystverkets fartøy Oljevern 01 fjerna gamle dieseltankar frå Storholmen fyr.

Tekst: Kystverket

To gamle og store dieseltankar frå Storholmen fyr, som ligg åtte kilometer vest av Vigra utanfor Ålesund, er erstatta av nye og mindre tankar med dobbel vegg. Desse er allereie på plass i maskinrommet inne i fyrtårnet.

Dei gamle tankane måtte først tømast for diesel, før dei blei kappa reine for rør og innfestingar. Den gamle og forurensa dieselen blei pumpa over på småtankar, som så blei løfta med helikopter om bord i Oljevern 01. Dieselen og dei gamle tankane ble vidare sendt til destruering.

Solcelle og batteri

Utskiftinga er eit ledd i arbeidet Kystverket gjer med fornying og sikring i høve gjeldande krav. Kravet til doble veggar på tankane er for å unngå diesellekkasje til det ytre miljøet – som for Storholmens del er havet.

Dei nye tankane rommar cirka 1000 liter diesel, medan dei gamle var på 12 000 liter.

Utskiftingane er òg gjort for å gi meir driftssikre anlegg, mindre forureinande aggregat og mindre vedlikehald. Storholmen har, i likheit med fleire andre fyrstasjonar langs kysten, blitt bygd om til solcelledrift med kraftige batteribankar. Aggregata er installerte med tanke på nokre få timar i løpet av den mørkaste vinteren for å lade opp batteria .

 

Saken er hentet fra Kystverkets hjemmeside.

HER kan du lese mer om Storholmen fyr.

 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 36 gjester og ingen medlemmer på besøk.