Skidag på Kvitholmen

Bjarne Smørholm melder at det i 2010 vart arrangert skidag på Kvitholmen fyr på Hustadvika. Det er ikkje kvart år der er forhold for slikt, men da var det snø nok. Han seier han ikkje er sikker på om det er første gongen nokon går på ski der ute, men det er i alle fall første gongen det er arrangert skirenn.
Det var 16.januar 2010 at 15-16 personar, ungar og vaksne, tok skiene i båten og sette kursen mot Kvitholmen fyr. Der ute vart det arrangert både hoppkonkurranse og langrenn i strålande ver. Etterpå vart det grilla pølser, og både store og små storkosa seg.
Det var veldig godt å få seg ein tur dit ut på denne tida av året, då aktiviteten på fyra elles ikkje er så stor. Men ”tidens nye fyrvaktarar” er allsidige brukarar av fyra, og dette vart opplevd som eit veldig positivt påfunn. Det er vel vanskeleg å tenkje seg ein fast tradisjon av dette, men skulle ver og føre innby til det, så var det mange som uttrykte ynskje om å gjenta skigåing i raud, grøn og kvit sektor fleire gonger.