alt
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

  Kulturminnedagen 2010 er søndag 12. september. Årets tema er ”Nytt liv i gamle minne”!

 

Kulturminnedagen skal bidra til å skape forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø. Arrangementa skal vise mangfaldet i kulturarven vår: historiske monument, verneverdige bygningar, gjenstandar, bygningsmiljø, kulturlandskap og handverk.

Kulturminnedagen er ein del av dei europeiske kulturminnedagane som vert arrangert over heile Europa kvar haust i september. På initiativ av Miljøvern­departementet og Kulturdepartementet blei Noreg med i 1993. Sidan 1996 har Noreg delteke kvart år. Ein nasjonal komité har ansvar for markeringa i Noreg. Den er oppnemnd av Miljøverndepartementet og sett saman av representantar frå Norges museumsforbund, ABM-utvikling, Riksantikvaren og Norges kulturvernforbund.

Med årets tema ønsker nasjonalkomitéen å setje fokus på alt som vert brukt på ein ny eller annan måte enn det opphavlege.

Alle kulturhistorisk interesserte lag, foreininger og kommunar er inviterte til å vere med og markere dagen – i ei felles satsing for å skape forståing og interesse for kulturminne og kulturmiljø.

Dei som lagar eit program og melder inn sitt arrangement innan fristen 15. juni, deltek i konkurransen om Kulturminnedagens pris. Den er på kr. 30.000 og går til det arrangementet som best presenterer årets tema i sitt program for dagen.

Les meir på www.Kulturminnedagen.no