alt
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Fredag 5. mars var det synfaring på Flåvær fyr (Herøy kommune, Møre og Romsdal). Med på turen var representantar frå Herøy kommune med ordføraren i spissen, Kystverket, Herøy kystmuseum og Dalsfjord Fyrmuseum.

 

Målet med synfaringa var å få sett på fyrstasjonen saman. Kystverket vurderer utleige av fyret til ein seriøs instans, med Herøy kystmuseum eller ei veneforeining som drivar. Herøy kommune står fram som støttespelar, og ynskjer breidde i arbeidet for å få folk til fyret.

Fyrstasjonen på Flåvær vart oppretta i 1870, med eit leifyr på Varholmen i Herøyfjorden. Stasjonen vart automatisert og avbemanna i 1979. Husa er merkt av forfall dei siste åra, og det hadde vore positivt om fyret hadde fått nye bebuarar.

Foto: Riksantikvaren

Les meir om synfaringa på fyret i ein artikkel i Vikebladet 9. mars.