FORTELJINGAR OM FYR

altEitt viktig føremål for Norsk Fyrhistorisk Forening er å ta vare på forteljingane om fyra. Desse forteljingane er ein del av den immaterielle kulturarven vår.

Eit einstemmig Storting vedtok i 2007 å tilrå UNESCOS konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven. Ifølge konvensjonen (frå 2003) er kulturarv meir enn objekt og høgreiste monument. Kulturarven er òg munnlege tradisjonar, utøvande kunst, skikkar og sedvane, ritual, feiringar, kunnskap og dugleik, tradi­sjonar og levande uttrykk som er nedervd gjennom generasjonane.

Registrering og dokumentasjon av forteljingar om fyr er eit viktig og riktig tiltak for å ta vare på arven i kystkulturen. Kystverkmuséa forvaltar alt i dag mykje innsamla tilfang, i form av mellom anna tekstar, lydopptak og bilde. Vi trur at det enno er meir å hente langsetter leia. Det kan vere eigne minne frå folk som har hatt teneste på fyra, fyrdagbøker som vert oppbevart i slekta, eller nedervde forteljingar om daglege gjeremål og årets gang på stasjonane – også slik kvinnene opplevde dei.

            NFHF tek imot forteljingar om fyr og fyrminne. Dei kan vere trykte eller handskrivne, korte eller lange, fragmentariske, anekdotiske, uplanlagde og usamanhengande. Saman med andre forteljingar vil dei alle ha sin verdi, som ein del av bildet av livet på fyra. NFHF tek òg ansvar for at desse forteljingane vert tekne vare på, for ettertida. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har noko som du meiner kan vere av interesse. Og hugs – ein treng ikkje heite Kjartan Fløgstad og leie skrivekurs på Slettnes fyr (bilde, takk til Anny Godfrey for utlån) for å kunne bidra!  

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 88 gjester og ingen medlemmer på besøk.