UTVÆR - ABSOLUTT RAUDT I VEST

altI Solund kommune (Sogn og Fjordane) har ein drøfta utvegar for å få ny bruk av fyrhuset på Utvær. Ei arbeidsgruppe med interesserte partar har sett på korleis samarbeid kan auke bruk og besøk på Utvær.

Utvær Fyr er det vestlegaste fyret på kysten av Noreg. Fiskeværet ligg om lag 8 kilometer vestafor Sula, utanfor Sognefjorden. I den beste sildetida på 1800-talet budde det mellom 200 og 300 menneske her. No er staden fråflutt, men sommargjester passar på husa.

Fyret er eigd av Kystverket. Det vart avbemanna i 2004.  Eit besøk i det freda tårnet (31 m) krev guiding av godkjend personell. Gå inn på nettsida til Solund kommune for å tinge guide, om du vil til topps. Her finn du òg informasjon om båttransport ut til været.

 

 

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 201 gjester og ingen medlemmer på besøk.