alt
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Geita fyr (Askvoll kommune, Sogn og Fjordane) treng nye fyrvener. Avtalen om utleige mellom Kystverket Vest og Nordisk Kunstnarsenter Dalåsen gjekk ut 31. desember i 2006. Sidan dette tidspunktet har fyret ikkje vore utleigd. Bygnings­massen skal likevel vere i bra forfatning.

Geita fyr ligg på toppen av den vesle øya Instegeita, mellom Værlandet og Sula. Stasjonen vart oppretta i 1897, automatisert i 1980, og avbemanna i 1982. Fyr­bygninga av tre har eit lyktehus med høg, spiss kuppel, og elles mange eigenarta trekk. Riksantikvaren har freda stasjonen.

 Jamvel om øya ligg etter måten nær land, kan det vere vanskelege landings­forhold, i kontrari ver. Det kan òg vere vanskeleg å ha båt liggjande ved landinga til eikvar tid.

Kystverket Vest har vore noko atterhaldne med å gå ut og leite etter ny leigetakar/forvaltar, men tek gjerne imot førespurnader frå interesserte.