KRÅKENES FYR PÅ TRE SPRÅK

NFHF får stadig oftare førespurnader frå utlandet om husvere og besøk på norske fyr. Vi viser folk vidare til fyr og turistkontor i dei aktuelle områda. Nokre fyrforvaltarar har teke konsekvensen av den breie internasjonale interessa, og har laga informasjon om eige fyr på fleire språk. Eit av desse fyra er Kråkenes (Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane). På heimesida til Kråkenes fyr (http://www.krakenesfyr.no/index.php) kan det vere gode idéar å hente for andre forvaltarar som tenkjer på same viset. Kan hende eit godt vinterprosjekt før neste sommarsesong?

 

Sjå også nettsida http://www.vivest.no/vaagsoy.html (tilhøyrer ViVest v Ragnar Myre) som, på overtydande vis og tidvis tre språk, informerer om Kråkenes og dei tre andre fyra (Skongsnes, Hendanes, Ulvesund) i Vågsøy kommune og lokalsamfunna rundt dei.

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 67 gjester og ingen medlemmer på besøk.