alt
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

I samband med innlegging av stoff på dei nye nettsidene til NFHF er tida no inne til å presentere styremedlemmane.

 

Styret har dagleg kontakt med medlemmar i foreininga, tilsette hos Kystverket, Kystverkmusea, Riksantikvaren, Noregs kulturvernforbund, kommunar, journalistar eller fyrgjester. Det meste av kontakten skjer per epost, telefon eller brev. Det kan vere hyggeleg å ha eit andlet attom stemmen eller namnet, og no er det muleg. 

 

Gå inn på hovudsida, trykk på FORENINGEN, og deretter på STYRET. Styremedlemmane kan du kontakte med fyrspørsmål. Du møter oss også på landsmøtet våren 2011. Og kanskje kan du sjølv tenke deg å ta eit tak i styret etter kvart?

  

Bildet av styreleiaren er teke under tåkeklokka på Odderøya fyr (Kristiansand, Vest-Agder), i samband med styremøtet på Bragdøya hausten 2008. Vern av tåkeklokkene er òg ei oppgåve for NFHF.