Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Ei nyheitsmelding frå Kystverket 11. november fortel at ein no har teke til med å sprengje bort ein stor del av den fårlege Leiaskjergrunnen utanfor Florø (Sogn og Fjordane).

 

Leiaskjeret fekk mykje omtale etter at den tyske minesveiparen Görbitz rende seg opp på skjeret under ei NATO-øving 21. februar 2007, og knuste den meir enn 3 meter høge varden der [bilde: NRK/Eldgrim Fossheim]. Dåverande leiar i Norsk Fyrhistorisk Foreining, Stein Malkenes, tok i september 2007 initiativ til å få varden bygd oppatt. I svarbrevet frå Kystverket 14. september. 2007 viser Kystverket Vest til at vardane er mindre viktige som navigasjonsmerke i dag, og at dei normalt ikkje vert gjen­reist etter havari. Kystverket kunne likevel vere open for å vurdere gjennopp­bygging av merket, med eigne mannskap, dersom midlar kunne skaffast frå ein annan stad.

 

Leiaskjeret varde hadde ein viktig symbol- og identitetsverdi for dei om lag 100 fastbuande på øya Askrova, og bruksverdi for folk som ferdast i leia. Ein under­skriftsaksjon til støtte for gjenoppbygging samla 400 underskrifter. Den lokale prosjektgruppa har teke på seg å skaffe fram meir stein. Gruppa har òg fått 40 000 kroner i stønad frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Pengane har stått på bok i fleire år og venta på at arbeidet skal ta til. Om dei ikkje vert brukt, må dei leverast attende.

 

Kystverket ser på seglmerka – også steinvardar – som kulturminnesmerke, og set av midlar til vedlikehald og reparasjon av slike kvart år. Ei utfordring med vardane er at kunnskapen om korleis ein byggjer og vedlikeheld slike er i ferd med å forsvinne. Dette kom fram i eit seminar om vardar som Kystverket skipa til på Gardermoen 17. februar 2009. Eit prosjekt for gjenoppbygging av ein varde kunne såleis høve godt som kompetansebygging innanfor Kystverket.

 

Stein Malkenes nytta høvet til å ta saka oppatt på den nasjonale Kystkultur­konferansen i Florø i mai 2010. Etter ein gjennomgang av saka, med deltaking frå Kystverket og fylkeskommunen, lova Kystverket tilbakemelding om kva som vil skje med varden. Så langt skal det ikkje vere kome noko svar.

 

Kystverket er no på staden med mannskap for å gjere leia forbi skjeret djupare. Det kunne ha vore ein sjanse til å byggje oppatt merket på skjeret, men det har ikkje kome fram noko som tyder på at det skal skje. Vonleg vert ikkje dette siste sjansen for varden på Leiaskjeret.