Utsira fyr Foto: Riksantikvaren
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Utsira kommune (Rogaland) er på utkik etter person(ar) som har lyst til å bu på Utsira fyrstasjon. Tilbodet gjeld 2 leilegheiter i fyrmesterhuset, muleg òg atelier (arbeidsrom). Leigevilkåra er prøvetid på 18 månader, med god von om forlenging. Leigetakar betaler kommunale avgifter og straum. Det er lagt opp til Internett/Alt-i-boks. Del av prisen (3 600 kr) kan bytast med arbeidsoppgåver som vedlikehald av uteområde eller liknande.

Kontaktpersonar: Arnstein Eek – arnstein@utsira.kommune.no eller arna@utsira.kommune.no

Fyrstasjonen på Utsira blei oppretta i 1844. To steintårn vart reist i høglendet på vestsida av øya. Det eine tårnet ("Gamletårnet") vart nedlagd i 1890, men vert nytta til utstillingar og anna arrangement. Det andre tårnet vart automatisert og avmanna i 2003, og lyset vert tent med kvart. Fyrstasjonen er freda.

Stasjonen omfattar fleire hus, i tillegg til fyrmesterhuset. I fyrvaktarbustaden er det kunstnarbustad (utleige) og varmestove (påske – oktober). Smia er gjort om til utstillingslokale, og i maskinhuset er det ein autentisk verstasjon, og dessutan galleri. Tunet er frå tid til annan arena for såvel konsertar som festivalar. Om sommaren kan ein få omvisning på staden.

Sjå presentasjon av fyrstasjonen her. (Pdf-fil, åpnes i nytt vindu)