RyvardenRiksantikvaren
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

På Ryvarden fyr (Sveio kommune, Hordaland) kan ein no få sjå korleis fiskeskinn ter seg i hendene på to kunstnarar. Sesongens opningsutstilling på fyret syner korleis ein kan gjere kunsthadverk av eit avfallsprodukt frå Kyst-Noreg. Utstillinga vert ståande til 25. april (andre påskedag).

 

Kunstnarane bak utstillinga, Bjørg Strømme og Maren Sofie Strømme, har begge solid kunstnarisk erfaring frå akvarell- og akrylmaling, som dei  tidlegare har arrangert kurs i på Ryvarden.

Men no er det altså design og produksjon av ulike bruksting i fiskeskinn som gjeld, kombinert med skinn frå kalv, geit og reinsdyr, som vesker, armband, smykke osv. Dessutan bilete med fiskeskinn som element i motiva. Les meir om utstillinga her.

 

På fyret vert det elles skiftande kunstutstillingar gjennom heile året som før. Nytt av året er ”småfolk-søndagar”, som er aktivitetsdagar med ulike tema for barn i alderen 4-12 år. Dato og tema vert fortløpande lagt ut på nettstaden til fyret (www.ryvarden.no).