BRUDEVIGSEL PÅ ULVESUND

Laurdag 16. april vert det brudevigsel på kaia på Ulvesund fyr (Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane). Så vel biskop som prest har sagt ja til at Bjørn Gundersen og Renate Klungsøyr kan seie høgtidleg ja til kvarandre på denne uvanlege staden, med utsyn mot Stad og Stadhavet.

Brudgommen, Bjørn Gundersen, er oppvaksen på fyret. Han kom dit som åtteåring, då varen vart fyrmester der. Og der vart han buande til han fekk jobb i Ulsteinvik som attenåring – i alt 10 år.

 

Les meir om brudeparet og deira grunnar for å velje fyrkaia som høgtidsstad her.

 

Ulvesund fyr vart oppretta i 1870, og automatisert og avfolka i 1985. I 2003 vart fyret (bilde: Heinz Aemmer) åpna for ny bruk, med fyrkafé, overnatting og ulike aktivitetar. For meir info om Ulvesund, sjå www.ulvesundfyr.no.

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 152 gjester og ingen medlemmer på besøk.