FYRMUSEET I DALSFJORDEN TEK FORM

Anleggsarbeidet ved Dalsfjorden skule og det nye fyrmuseet (Volda kommune, Møre og Romsdal) held fram. På heimesida til fyrmuseet er det muleg å følgje bygginga frå veke til veke – sjå her.

Hovudoppgåva til fyrmuseet I Dalsfjorden er dokumentasjon og formidling av den sosiale historia til dei som har vore med å bygge fyr, lykter, merke, fortøyings­feste og hamner langs heile kysten - heilt frå 1825. Museet vart oppretta i 1993, og har ei stor samling av teknisk utstyr og verkty som har vorte utskifta av Kystverket.

Grunna mangel på musumsbygg har samlinga til museet vore lagra og/eller utstilt på fleire stader, mellom anna på skulen i Dalsfjorden. No er arbeidet med ny skule og fyrmuseum godt i gang. Åpninga er planlagd til 2012.

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 48 gjester og ingen medlemmer på besøk.