Kystverket Vest 30 år

Feirer seg selv

 

Foto: Kystverket

 

I dag, 18.august, gratulerar me Kystverket Vest med 30-års jubileet for etableringa i Haugesund. Dette distriktet – Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane – har gjennom tidene husa 58 fyrstasjonar og er slik sett det største er til lands. I dag er 31 av desse fyrstasjonane nedlagde og for ein del erstatta med fyrlykter. Dei 27 resterande er avbemanna, men har framleis funksjon som fyr.

Gratulasjonane er ikkje minst varme sidan Kystverket, Distrikt 2 som det heitte tidlegare, var ein trufast bidragsytar i samband med etableringa av Norsk fyrhistorisk foreining. Såleis sat distriktsdirektøren, John Erik Hagen, som leiar for interimstyret som sto bak skipinga av foreininga vår på Lindesnes i 1997 og har også stått på for etableringa av kystverksmusea. Også sidan i foreininga sitt liv, har dette distriktskontoret vore ein trufast støttespelar. Generelt har dette kystdistriktet stadig dokumentert ansvaret for sin del av kystens kulturarv.

 

Birger Lindanger

NFHF Forum

Aktivitet nå

Vi har 261 gjester og ingen medlemmer på besøk.