alt
FYRBESØK PÅ RUNDE MED MYKJE ATTÅT
Dette er en arkivert artikkel hentet fra vår gamle hjemmeside. Formateringsfeil kan forekomme.

Ålesund-Sunnmøre Turistforening tek imot fotturistar som vil gå over fjellet i påska, til den sjølvbetjente fyrvaktarbustaden ved fyret på Runde.  Det er ikkje høve til å tinge plass på førehand, og det kan vere lurt å seie frå på førehand om ein er mange i følgje. Dette kan vere året for å møte våren med storhavet midt imot.

Fyrlyset på Runde vart tent i 1767, på det første fyret nordom Stad. Flammen lyste frå ei fyrgryte som stod på ein fot oppe i fjellet. I 1825 vart det reist eit steintårn for kolbluss.  Tredje trinn i fyrhistorie innebar reising av eit støypejarnstårn på neset Kvalen, i 1858. I 1935 vart så fyret flytta attende til fjellskråninga, til staden for kolfyret. I 2011 vart tårnet pussa opp av Kystverket Midt-Norge.  Til saman var det vakt på fyret i 235 år, til avmanninga i 2002.

Runde byr på eit variert program for den som vil gjere noko anna denne påska. Det er høve til historiske vandringar, dans, fotokurs, møte ornitologar i fjellet, og vera til stades med ungar og ungars ungar når forfattarinna Maria Parr les frå boka «Vaffelhjarte». Det er noko å gjere for alle, utan omsyn til ver.

Siste påskehelga kan ein òg ta dagsreiser til øya med båt rett frå Ålesund. Ei fin avslutning på påskeveka. Les meir om det rike tilbodet på påskeøya Runde her.